Isfjell C-19
Isfjell C-19 er ein isfjell som kalva frå Rossisen i mai 2002 langs ei sprekk som forskarane hadde overvaka sidan 1980-åra. Etter at isfjellet braut laus hadde Rossisen gått attende til storleiken han hadde i 1911, då han vart kartlagt av gruppa til Robert F. Scott. Han vart det nest største isfjellet som kalva i området i løpet av få år (etter B-15). Det hadde eit overflateareal på meir enn 5500 km².
I løpet av 2002 hindra C-19 havisen frå å flyte ut frå det sørvestlege området av Rosshavet og denne blokaden førte til uvanleg mykje is på pvåren og sommaren det året. Dette skapte ein stor reduksjon i produksjonen av planteplankton som er sørs viktig i næringskjeden her.
Sommaren 2003 flytta C-19 nordover særs raskt, passerte rapidly, Cape Adare og braut opp i to bitar: C-19A og C-19B.
I september 2005 byrja isfjellet C-19A etter to år ved kysten av Victoria Land (vest for den franske stasjonen Dumont d'Urville) å drive nordover. I mars 2006 låg isfjellet i Stillehavet, 200 km vest for Ballenyøyane.
I 2008 fekk C-19A namnet Melting Bob etter ein konkurranse sponsa av Hay Festival og Scott Polar Research Institute. I mai 2008 var overflatearealet kring 5 141 km².[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schoolboy first to 'name' iceberg, BBC, 2008-05-31, henta 7. mars 2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Huge Antarktis Iceberg Makes a BIG Splash on Sea Life[daud lenkje], press release, Goddard Space Flight Center, NASA, 1 oktober 2003
- Antarktis isfjell C19A renamed Melting Bob by Max Dolan, 6, story of how C19A became the first isfjell to be given a proper name, mai 31, 2008