Ballenyøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°55′S 163°45′E
Ballenyøyane
øy
Balleny Map.jpg
Kart over Ballenyøyane
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Region Ross Dependency
Koordinatar 66°55′S 163°45′E
Høgaste punkt Brown Peak[1][2]
 - høgd 1 705 moh.
Areal 400 km²
Folketal Ingen
Administrert under Antarktistraktaten
Ballenyøyane is located in Antarktis
Ballenyøyane (Antarktis)
Wikimedia Commons: Balleny Islands
Ballenyøyane og kysten av Antarktis sett frå verdsrommet, desember 2007

Ballenyøyane er ei øygruppe i Sørishavet som strekkjer seg frå 66°15' til 67°35'S og 162°30' til 165°00'E. Gruppa strekkjer seg kring 160 km frå nordvest til søraust. Øyane er stort sett dekte av isbrear og har vulkansk opphav. Isbreane ligg i skråningane og strekkjer seg ut i sjøen.

Gruppa består av tre hovudøyar: Young, Buckle og Sturge, som ligg i ei linje frå nordvest til søraust, med fleire mindre øyar og skjer:

  • nordaust for Young Island: Seal Rocks, Pillar
  • søraust for Young Island: Row Island, Borradaile Island (med Swan Base, ei lita hytte)
  • Sør for Buckle Island: Scott Cone, Chinstrap Islet, Sabrina Islet (med Sabrina Refuge, ei lita hytte) og The Monolith.

Øyane og skjera frå nord til sør[endre | endre wikiteksten]

Øy/holme Areal (km²) Høgaste punkt (moh)
Young Island og holmane kring
Seal Rocks 0.0 15
Pillar 0.0 51
Young Island 225.4 Freeman Peak (1340 moh)
Row Island 1.7 183
Borradaile Island 3.5 381
Beale Pinnacle 0.0 61
Buckle Island og holmane kring
Buckle Island 123.6 1238
Scott Cone 0.0 31
Eliza Cone 0.0 67
Chinstrap Islet 0.0  
Sabrina Island 0.2 90
The Monolith 0.1 79
Sturge Island
Sturge Island 437.4 Brown Peak (1705[1] eller 1524[2] moh)

Den antarktiske polarsirkelen går nær Borradaile Island, i det åtte kilometer breie sundet mellom Young og Buckle Island. Buckle Island og den nærliggande Sabrina Island har mange koloniar med adelie og ringpingvin.

Dei engelske kvalfangarane John Balleny og Thomas Freeman var dei første som oppdaga øygruppa i 1839[3]: Freeman var den første personen som gjekk i land på øyane, den 9. februar 1839, og den første som gjekk i land sør for Den antarktiske polarsirkelen. Øyane dekkjer eit areal på i alt 400 km² og det høgaste punktet er 1705 moh [1] eller 1524 moh[2] (den uklatra Brown PeakSturge Island).

Øyane er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

I øygruppa er Buckle, Sturge og Young Island døme på stratovulkanar.[4] Det er sjeldan kraftige jordskjelv nær øyane, men moderate jordskjelv skjer langs Stillehav-Antarktis-ryggen, Macquarie trippelpunkt og Stillehavsregionen mellom Ballenyøyane og Macquarieøya.[5] Andre jordskjelv oppstår nær Den søraustindiske ryggen og Balleny brotsone, inkludert eit jordskjelv med styrke 8,1 i 1998 som oppstod 700 km vest-nordvest for øyane.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Brown Peak, Composite Gazetteer of Antarktis, Scientific Committee on Antarktis Research. US source.
  2. 2,0 2,1 2,2 Brown Peak, Composite Gazetteer of Antarktis, Scientific Committee on Antarktis Research. NZ source.
  3. Gunter Faure, Teresa M. Mensing, The Transantarctic Mountains: Rocks, Ice, Meteorites and Water (Springer, 2010), 555.
  4. GVP, Smithsonian. «Volcanoes of Antarctica - Antarctica and South Sandwich Islands». The Smithsonian Institute National Museum of History. Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen den 14 May 2011. Henta 16. oktober 2012. 
  5. Earthquakes, USGS. «World Seismicity Maps: Sørpolen». US Geological Survey. Earthquake Hazards Program. Henta 16. oktober 2012. 
  6. NEIC, USGS. «Magnitude 8.1 Balleny Islands Region». US Geological Survey. National Earthquake Information Center. Henta 16. oktober 2012.