Ishockey-VM 1961

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1961 vart arrangert i byane Genève og Lausanne i delstaten Sveits i tida frå 1. mars til 12. mars 1961. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der åtte land møttest til innbyrdes oppgjer. Canada vart verdsmeister på betre målskilnad enn Tsjekkoslovakia, dei to laga spelte 1-1 den 9. mars. Sovjetunionen la beslag på bronseplassen.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Ti land deltok i meisterskapen. Seks land gjekk direkte til seriespelet. Dei to siste plassane i serien fekk Vest-Tyskland og Aust-Tyskland etter sigrar over høvesvis Sveits og Noreg. Den politiske spenninga var slik at Vest-Tyskland nekta møte Aust-Tyskland i seriespelet. Dermed enda Vest-Tyskland sist og såleis vist til B-gruppa.

Canada deltok med Trail Smoke Eaters, eit klubblag frå British Columbia.

Tabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Canada 7 6 1 0 45 - 11 13
2  Tsjekkoslovakia 7 6 1 0 33 - 9 13
3  Sovjetunionen 7 5 0 2 51 - 20 10
4  Sverige 7 4 0 3 33 - 27 8
5  Aust-Tyskland 7 2 0 5 21 - 33 4
6  USA 7 1 1 5 24 - 43 3
7  Finland 7 1 1 5 19 - 43 3
8  Vest-Tyskland 7 0 2 5 10 - 50 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]