Isidoros frå Milet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hagia Sofia

Isidoros frå Milet (442537) var ein seinantikk arkitekt, fysikar og matematikar. Han var frå byen Milet.

Isidor var, saman med Anthemios frå Tralleis, byggmeister på Hagia Sofia. Hagia Sofia var hovudkyrkje i Konstantinopel i 900 år, og er eit av dei siste store byggverka i antikken. Byggverket vart reist på oppdrag frå den austromerske keisaren Justinianus I, på staden der den store basilikaen Hagia Sofia tidlegare hadde stått. Den kyrkja, som vart oppført under Theodosius, vart øydelagd under Nikaopprøret i 532.

Isidor underviste i fysikk i Alexandria og seinare ved universitetet i Konstantinopel. På gammalgresk skreiv han ein kommentar til det i dag tapte verket Om kvelving av Heron frå Alexandria. Brorsonen hans, nemnd som Isidoros frå Milet den yngre, var byggmeister for den kuppelen Hagia Sofia har i dag. Denne stod ferdig i ei litt endra form i 563, fem år etter at den opphavlege kuppelen hadde falle ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John Martindale: The Prosopography of the Later Roman Empire. Bd. 3. Cambridge 1992, S. 724.