Isjim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen i sør Russland med same namn, sjå byen Isjim
Isjim
elv
none  Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til.
Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til.
Land Kasakhstan Kasakhstan
Flag of Russia.svg Russland
Renn gjennom Astana
Lengd 2 450 km km
Nedslagsfelt 177 000 km² km²
Middelvassføring 56 3 m³/s /s
Kjelde Det kasakhstanske høglandet
Munning Irtysj
Wikimedia Commons: Ishim River

Isjim (russisk Ишим; kasakhisk Есил, Esil) er ei elv som renn gjennom Kasakhstan og Russland med ei lengd på 2 450 km. Ho spring ut frå det nordvestlege hjørnet av Det kasakhstanske høglandet og er ei av sideelvane til Irtysj frå venstre. Isjim er delvis framkommeleg og renn gjennom Astana, hovudstaden i Kasakhstan.

Vidare frå Astana renn elva til Atbasar og ved Derzjavinsk renn ho nordover. Seinare renn ho gjennom Esil, som er kalla opp etter elva, samt Petropavl i nord ved grensa til Russland. Ho held fram inn i sørlege område av Russland og renn her gjennom byen Isjim, som òg er kalla opp etter elva.

I følgje presidenten av Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, vart Astana vald til hovudstad sidan han låg nær elva. Byen er delt inn i to delar. På den høgre sida ligg gamlebyen, medan den nyare bydelen med det nye regjeringskvartalet ligg på venstre sida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]