Astana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Astana
Flagget til Astana Byvåpenet til Astana
Flagget til Astana Byvåpenet til Astana
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Astana by
Grunnlagd 1830
Akim Askar Mamin
Geografi
Flatevidd
 - By

710,2 km²
Innbyggjarar
 - By (1. nov. 2007)
   - folketettleik

597 500
  841/km²
Koordinatar 51°10′″N 71°26′″EKoordinatar: 51°10′″N 71°26′″E
Høgd over havet 347 m
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 010000 - 010015
Telefon-retningsnummer +7 7172
Bilnummer Z
Nettstad: www.astana.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Astana (kasakhisk Астана; tidlegare kalla Akmola, Tselinograd, og Aqmola) er den nest største byen og hovudstaden (frå 1997) i Kasakhstan. Folkesetnaden er om lag 600 000 (2007).[1] Han ligg nord i sentrale område av Kasakhstan innanfor Akmola oblast, men er administrativt ikkje ein del av oblastet, som har sin eigen hovudstad.

Namnet Astana tyder «hovudstad» på kasakhisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sibirske kosakkar frå Omsk grunnla ei stor festning i dei øvre områda av elva Isjim i 1824, som seinare utvikla seg til byen Akmolinsk. Tidleg på 1900-talet vart byen eit stort jernbaneknutepunkt, noko som førte til kraftig økonomisk vekst fram til den russiske revolusjonen.

Gulagane låg ein gong tjukt ut over den kasakhstanske steppa, og elleve av dei husa hundretusenvis av fangar med familiane deira. Utanfor Astana låg ALZHIR-leiren, ei russisk forkorting for «Akmolinskij-leiren for konene til forrædarane av moderlandet», ein av dei mest frykta av gulagane. Leiren var nytta for konene til mennene Josef Stalin såg på som «fiendar av folket»[2]

I 1961 fekk byen namnet Tselinograd og vart hovudstad i Det sovjetiske jomfrulandområdet (Tselinnij Kraj). Byen vart senteret i Jomfrulandplanen til Nikita Khrusjtsjev i 1950-åra for å gjere regionen om til eit nytt kornproduserande området for Sovjetunionen. Den store etniske blandinga ein har i området i dag kan stort sett sporast tilbake til denne tida då mange flytta til området for å arbeide her, i tillegg til mange russiske tyskarar som vart flytta hit etter å ha vorte deportert av Josef Stalin under den andre verdskrigenNazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen.

Etter at Kasakhstan fekk sjølvstende sitt i 1991 vart byen og regionen kalla Akmola. Dette namnet vert ofte omsett til «kvit gravstein», men tyder eigentleg «Heilag plass».

I 1994 vart byen vald ut som den framtidige hovudstaden i det nyleg sjølvstendige landet og fekk så namnet Astana etter hovudstaden offisielt vart flytta frå Almaty i 1997. Trass i den isolerte plasseringa til den nye hovudstaden midt på Den kasakhstanske steppa og det særs kalde klimaet om vinteren, trong rett og slett Kasakhstan ein meir sentralt plassert hovudstad enn Almaty, som ligg heilt søraust i landet ved grensa til Kirgisistan.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg sentralt til i Kasakhstan ved elva Isjim på ei svært flat, halvørkenliknande steppe. Astana ligg 347 meter over havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimatisk er Astana den nest kaldaste hovudstaden i verda etter Ulan Bator i Mongolia) og temperaturar rundt 35-45 kuldegrader seint på hausten er ikkje uvanleg. Astana er òg kjend for å ha frost regelmessig rundt seks månader av året. Astana har generelt kontinentalklima med særs kalde vintrar og moderat varme somrar, i tillegg til at han får lite nedbør.

Den årlege middeltemperaturen i Astana er 1 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -16 °C, medan juli er den varmaste med ein middeltemperatur på 20 °C.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temperatur °C -12 -11 -4 9 19 25 27 24 18 8 -2 -9 7
Normal min. temperatur °C -21 -21 -15 -2 5 11 13 11 5 -1 -11 -18 -3
Nedbør (mm) 22 14 19 21 31 40 50 37 26 27 20 22 329

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Astana

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]