Kasakhisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kasakhisk språk)
Gå til: navigering, søk
Kasakhisk
(Qazaq tili, Қазақ тілі, قازاق ٴتىلى)
Klassifisering: Altaisk
 Tyrkisk
  Vesttyrkisk
   Aralkaspisk
    Kasakhisk
Bruk
Tala i: Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina
Flag of Mongolia.svg Mongolia
Kasakhisktalande i alt: 8 178 879[1]
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Språkkodar
ISO 639-1: kk
ISO 639-2: kaz
ISO 639-3: kaz
Wikipedia på kasakhisk

Kasakhisk er eit tyrkisk språk som blir snakka i Kasakhstan, der det er offisielt språk i lag med russisk, men også i områda rundt Kasakhstan. Språket utgjer saman med karakalpakisk, kirgisisk og nogai den aralo-kaspiske gruppa av vesttyrkiske språk.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

  • ca. 6 mill. i Kasakhstan
  • ca. 1,2 mill. i Kina, særleg i nordlege og austlege Xinjiang, nordvest i Gansu og Qinghai
  • ca. 200 000 i Mongolia, mest i nordvest
  • ca. 3 000 i Iran, i provinsen Mazanderan ved kysten av Kaspiske hav
  • ca. 2 000 i nordlege Afghanistan, særleg vest for Kunduz
  • ca. 600 i Tyrkia, i landsbyen Salihli i Manisa og i Kayseri.
  • Kasakhisk blir også snakka av mindre grupper i Kirgisia, Russland, Tadsjikistan, Turkmenistan, Ukraina, Usbekistan og Tyskland.

Språket blir skrive med kyrillisk alfabet i Kasakhstan og Mongolia, arabisk alfabet i Kina, Iran og Afghanistan, og med latinsk alfabet i Tyrkia.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Kasakhisk har sju kasus, nominativ, akkusativ, genitiv, dativ, lokativ, ablativ, instrumentalis.

Verb blir bøygd i tempus, aspekt og modus.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 1979

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kazakh - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).