István Örkeny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
István Örkeny
Orkeny Istvan Szlavics.jpg
Fødd 5. april 1912
Budapest
Død

24. juni 1979
Budapest

Yrke skribent, skodespelforfattar, forfattar, farmasøyt
István Örkeny på Commons

István Örkény (5. april 191224. juni 1979) var ein ungarsk forfattar som har skrive romanar og noveller kjenneteikna av samfunnssatire, groteskeri og svart humor.

Den første novellesamlinga til Örkény var Tengertánc (Havdans) frå 1941. Boka var ei samling groteske historier om fascismen. År 1956 gav han ut novellesamlingar om sine røynsler frå den andre verdskrigen. Boka Macskajáték (Kattelek) frå 1966 handlar om forhold mellom menneske og boka Tóték (Familien Tót) frå 1967 skildrar psykologien i fascismen. Romanen Rózsakiállítás (Roseutstillinga) frå 1977 uttrykker tankar om livet og døden gjennom døyande menneske sine groteske rollespel.

Dramaet Kattelek er oppført i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]