It Hurts Me Too

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
It Hurts Me Too
Singel av Tampa Red
B-side

«Tired of Your Reckless Ways»

Språk engelsk
Utgjeve 1940
Innspelt Chicago
10. mai 1940
Sjanger Blues
Lengd 2:28
Selskap Bluebird (Cat. nr. 8635)
Komponist Tampa Red
Tekstforfattar Tampa Red
Tampa Red-kronologi 
«What Am I Going to Do»
(1940)
It Hurts Me Too «Don't You Lie to Me»
(1940)


«It Hurts Me Too» er ein bluesstandard som er «ein av dei mest tolka bluessongane».[1] Han vart først spela inn i 1940 av Tampa Red, som ein 8-taktsblues i middels tempo med slidegitar. Han låner frå tidlegare bluessongar og har vorte spelt inn av mange andre artistar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

«It Hurts Me Too» er basert på «Things 'Bout Comin' My Way», spelt inn av Tampa Red i 1931 (OKeh 1637). Melodilinjene er nesten identiske, men den sistenemnde har ein ekstra takt i vendinga. «Sam Hill from Louisville», ein av Walter Vinson sine fleire psevdonym, spelte «Things 'Bout Coming My Way» kort tid før Tampa Red (1931 Brunswick 7216). Vinson-versjonen er basert på tidlegare innspelingar med Mississippi Sheiks, «Sitting on Top of the World» (1930 OKeh 8784). Begge songane deler fleire element med «You Got to Reap What You Sow», spelt inn av Tampa Red i 1929 (Vokalion 1404) og av Leroy Carr og Scrapper Blackwell i 1928 (Vokalion 1232). Melodilinjene, spelt på slidegitar av Tampa Red og sungen av Carr, liknar dei på dei seinare songane. Songen til Carr og Blackwell har element frå den tidlegare songen deira frå 1928, «How Long, How Long Blues» (Vokalion 1191). «How Long, How Long Blues» er skildra som ein av dei første bluesstandardane og var ein inspirasjon for mange bluessongar frå denne tida.[2]

Elmore James-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire versjonar av «It Hurts Me Too» vart spelt inn i 1940- og 1950-åra, mellom anna av Stick McGhee og Big Bill Broonzy. Då Elmore James spelte han inn i 1957 (Chief 7004), nytta han teksten som er mest kjend i dag:

You say you hurting, you almost lost your mind
The man you love, he hurts you all the time
When things go wrong, go wrong with you
It hurts me too

1957-utgåva til James gjekk ikkje inn på listene, men etter at han spelte inn songen på ny i 1962 eller tidleg i 1963 for Fire/Fury/Enjoy vart han ein hitt. I 1965 vart songen gjeven ut på ny, to år etter James døydde, og låg åtte veker på R&B-lista, der han nådde 25. plass.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre artistar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Herzhaft 1988, s. 445.
  2. Wald 2004, s. 35.
  3. Whitburn 1988, s. 216.