The Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Animals
Eric Burdon & the Animals.jpg
The Animals i 1964: frå venstre til høgre: Eric Burdon (vokal), Alan Price (klaverinstrument), Chas Chandler (bass), Hilton Valentine (gitar), John Steel (trommer)
Alias
  • Eric Burdon and the Animals (1966–1969)
  • Valentine's Animals (1992)
  • Animals II (1992–1999)
  • Animals & Friends (2001)
  • Animals lll (2001–present)
Opphav Newcastle upon Tyne i England
Sjanger
Aktive år
  • 1963–1969
  • 1975–1976
  • 1983
  • 1992–present
Plateselskap
Nettstad animalsandfriends.info
Medlemmer
John Steel
Mick Gallagher
Roberto Ruiz
Danny Handley
Tidlegare medlemmer
Eric Burdon
Hilton Valentine
Alan Price
Chas Chandler
Dave Rowberry

The Animals var ei engelsk musikkgruppe i 1960-åra som var ein del av den britiske bølgja. Dei var kjend for den grusete, bluesaktige lyden og den djupe stemma til frontmannen Eric Burdon, som på signaturlåtane deira «The House of the Rising Sun» og «We Gotta Get out of This Place». Bandet balanserte tøff og rocka popsinglar mot rhythm and blues-prega album. The Animals hadde mange forskjellige besetningar og mot slutten av tiåret hadde dei glidd over i psykedelisk rock før dei gjekk frå kvarandre heilt på slutten av 60-åra. Dei hadde eit comeback i 1983 og la ut på ein verdsturne. Tidleg i 1984 var bandet igjen oppløyst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva[endre | endre wikiteksten]

Bandet oppstod i Newcastle upon Tyne i 1962 og 1963 då Burdon slo seg saman med the Alan Price Rhythm and Blues Combo, og den første bestninga bestod av Eric Burdon (vokal), Alan Price (orgel og keyboard), Hilton Valentine (elektrisk gitar), John Steel (trommer) og Bryan «Chas» Chandler (bass).

Dei vart kalla «animals» («dyr») på grunn av dei ville framsyningane deira og namnet vart hengande ved dei.[1] Med moderat suksess i heimbyen og kontaktar med manageren til The Yardbirds, Giorgio Gomelsky, motiverte dei til å flytte til London i 1964, der dei vart ein del av den britiske bølgja. Dei spelte heftige utgåver av standard rhythm and blues-songar (Jimmy Reed, John Lee Hooker, Nina Simone, m.fl.). Dei fekk platekontrakt med UK Columbia, ei underavdeling av EMI, og den første singelen deira vart ei rockeutgåve av standardsongen «Baby Let Me Follow You Down» (med tittelen «Baby Let Me Take You Home»).

Oppfølgjaren kom ut i juni 1964 med hitten «House of the Rising Sun». Den hylande vokalen til Burdon og det dramatiske arrangementet skapte den aller første folkrock-hitten. Det er mykje omdiskutert om arrangementet var inspirert av Bob Dylan si utgåve av songen (som igjen var inspirert av visesongar Dave Van Ronk) eller av bluessongaren Josh White (som spelte han inn to gonger i 1944 og 1949) eller av songar og pianist Nina Simone (som spelte han inn i 1962 på Nina at the Village Gate.

The Animals hadde to år med hittar på listene styrt av produsenten Mickie Most. Hittande deira var intense, grove popsongar som Sam Cooke sin «Bring It On Home To Me» og Nina Simone sin «Don't Let Me Be Misunderstood». Albuma deira var derimot basert på rhythm and blues, som John Lee Hooker sin «Boom Boom» og Ray Charles sin «I Believe to My Soul». Den kraftfulle og djupe stemma til Burdon, og orgel som eit dominerande instrument var to element som gjorde at The Animals skilde seg ut frå resten av banda på denne tida.

I november 1964 hadde bandet den amerikanske debuten sin på The Ed Sullivan Show, og spelte ei stund dagleg på forskjellige stader i New York City.

I mai 1965 starta bandet å plagast med intern krangling. Price forlet bandet på grunn av personlege årsaker og musikalske usemjer, samt at flyskrekk hindra bandet i å turnere effektivt.[1] Han starta så ei suksessrik solokarriere og i lag med the Alan Price Set. Mick Gallagher kom inn på tangentar for han ei kort stund, før Dave Rowberry overtok for han igjen på arbeidarklasse-songar som «We Gotta Get out of This Place» og «It's My Life».

Mange av The Animals sine hittar hadde kome frå låtskrivarane frå Brill Building som Most rekrutterte. Gruppa, og særleg Burden, følte at dette hemma dei. Mot slutten av 1965 forlet gruppa EMI og gjekk til Decca Records og produsent Tom Wilson, som gav dei meir kunstnarisk fridom. Tidleg i 1966 gav MGM Records, det amerikanske selskapet deira, ut ei samleplate, The Best of The Animals, som vart ein bestseljar i USA. I februar 1966 forlet Steel bandet og vart erstatta av Barry Jenkins. Ei utgåve av Goffin-King, «Don't Bring Me Down» vart den siste hitten til The Animals. For singelen «See See Rider» endra dei namn til Eric Burdon & The Animals. I september 1966 braut bandet opp og Burdon spelte inn eit soloalbum kalla Eric Is Here.

Sjølv etter standardane på denne tida tente the Animals lite pengar, og skulda på dårleg styring og at manageren Michael Jefferey hadde stole pengar frå dei.

Andre utgåve[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe med Burdon, Jenkins og nye bandmedlemmer, John Weider (gitar/fiolin/bass), Vic Briggs (gitar/piano) og Danny McCulloch (bass) vart danna med namnet Eric Burdon and the Animals (eller stundom Eric Burdon and the New Animals) i desember 1966 og endra musikalsk retning. Den harde, drivande bluesen vart omforma til Burdon si utgåve av psykedelia.

Nokre av bandet sine hittar var «San Franciscan Nights», «Monterey» (ein hyllest til Monterey Pop Festival i 1967) og «Sky Pilot».

Denne stilen var tyngre enn i den opphavlege gruppa. Burdon skreiv meir og høgare på konsertversjonar av «Paint it Black» og «Hey Gyp». I 1968 lagde dei meir eksperimentelle songar som «We Love You Lil» og den 19 minuttar lange «New York 1963 - America 1968». Songane hadde ein stil der dei byrja roleg, før dei vart psykedeliske og enda med skriking, rare tekstar og skurrande instrument.

Det vart fleire endringar i besetninga: George Bruno (òg kjend som Zoot Money, tangentar) kom med i april 1968 og i juli 1968 Andy Summers (gitar) - seinare i The Police. Desse erstatta Briggs og McCulloch.

I februar 1969 hadde Animals vorte oppløyst og singlane «Ring of Fire» og «River Deep Mountain High» vart gjevne ut.

Burden slo seg så saman med ei latinsk gruppe frå Long Beach i California kalla War.

Gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege besetninga med Burdon, Price, Valentine, Chandler og Steel kom saman for ein veldedigheitskonsert i Newcastle i 1968.

Mellom 1970 og 1972 turnerte fleire band samstundes som «The Animals». Bandet kom saman igjen seint i 1975 for å lage meir musikk. Albumet kom ut i 1977 og heitte Before We Were So Rudely Interrupted. Albumet fekk god kritikk.

1983[endre | endre wikiteksten]

12. desember 1982 spelte Burdon igjen i lag med Alan Price og ei komplett besetning. Dei kom saman igjen i 1983 for albumet Ark og ein verdsturne, med Zoot Money på tangentar, Nippy Noya på perkusjon, Steve Gregory på saksofon og Steve Grant på gitar.

Den første singelen, «The Night» nådde 48. plass i USA. Han var òg ein stor hit i Hellas. Dei gav òg ut singelen «Love Is For All Time».

Seinare utgåver[endre | endre wikiteksten]

I 1990- og 2000-pra har det eksistert fleire grupper som kallar seg Animals. I 1993 danna Hilton Valentine Animals II der andre tidlegare medlemmer av Animals var innom i kortare periodar. Frå 1999 til Valentine forlet bandet i 2001 turnerte bandet som The Animals. Steel og Rowberry heldt då fram som Animals and Friends med Peter Barton, Jim Rodford og John Williamson. Då Rowberry døydde i 2003, vart han erstatta av Mickey Gallagher (som hadde erstatta Alan Price ei kort stund i 1965). Animals and Friends eksisterer framleis og spelar ofte konsertar på Color Line som går mellom Tyskland og Skandinavia.

I 1990-åra gav Danny McCulloch ut fleire album som The Animals. Albuma inneheldt nokre originale Animals-songar, samt nye songar skriven av McCulloch.

Eric Burdon gjenforeinte the Animals med eit nytt støtteband i 1998 som Eric Burdon and the New Animals. Dette var i røynda berre eit nytt namn på støttebandet han hadde hatt sidan 1990. Medlemmer i dette bandet var Dean Restum, Dave Meros, Neal Morse og Aynsley Dunbar. Martin Gerschwitz erstatta Morse i 1999 og Dunbar vart erstatta av Bernie Pershey i 2001. I 2003 starta bandet å turnere som Eric Burdon and the Animals.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det originale Animals vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994. Dei har påverka artistar så varierte som The Doors, Joe Cocker, The Cult, Frijid Pink, The Chocolate Watchband, Bruce Springsteen, Tom Petty & The Heartbreakers, Janis Joplin, David Johansen og Fine Young Cannibals. I 2003 vart utgåva deira av «House of the Rising Sun» rangert på 122. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene, medan «We Gotta Get out of This Place» hamna på 233. plass på tilsvarande liste. Begge songane er på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

USA[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • John Steel – trommer (1963–1966, 1975–1976, 1983, sidan 1992)
  • Mick Gallagher – klaverinstrument (1965, sidan 2003)
  • Danny Handley – gitar, vokal (sidan 2009)
  • Roberto Ruiz – bass, vokal (sidan 2012)
Tidlegare medlemmar

  • Nippy Noya – perkusjon (1983)
  • Joss Elliott – bass (1992–1994)
  • George Fearson – gitar (1992–1994)
  • Robert Robinson – vokal (1992–1994)
  • The Dod – trommer (1992)
  • Steve Hutchinson – klaverinstrument (1992–1999)
  • Martin Bland – bass (1994–1999)
  • Steve Dawson – gitar (1994–1999)
  • Robert Kane – vokal (1994–1999)
  • Jim Rodford – bass (1999–2003)
  • Tony Liddle – vokal (1999–2001)
  • Eamon Cronin – vokal (2001)
  • John E. Williamson – gitar, vokal (2001–2009)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Making Time The Animals