Itasca-sjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Itasca-sjøen
Land  USA
Kart
Itasca-sjøen
47°13′05″N 95°12′26″W / 47.218055555556°N 95.207222222222°W / 47.218055555556; -95.207222222222
Wikimedia Commons: Lake Itasca

Itasca-sjøen er ein liten bresjø nordvest i Minnesota i USA. Han vert rekna som kjelda til Mississippielva.

Sjøen ligg i Clearwater fylke. Han er 4,7 km² stor (dvs. noko større enn Maridalsvannet i Oslo (3,9 km²)). Sjøen ligg 450 meter over havet og har stort sett ei djupne på mellom 6 og 11 meter.[1]

Det var geografen og etnologen Henry Rowe Schoolcraft (1793–1864) som fyrst fastslo at Itasca-sjøen var starten på det 3 770 km lange løpet til Mississippi mot Mexicogolfen. Dette skjedde i 1832. Schoolcraft hadde òg vore med på general Lewis og Clark-ekspedisjonen i 1820, då Cass-sjøen (lenger ned i elva) blei fastsett som kjelda til elva.

Namnet «Itasca» blei sett saman av dei latinske orda veritas, 'sanning' og caput, 'hovud'. Han plukka ut dei midterste bokstavane frå orda, sannsynlegvis for å få eit namn som høyrdest «indiansk» ut, og ifølgje si eiga forklaring også eit kvinneleg namn som høva til lokal mytologi.[2] På det lokale ojibwe-språket heiter sjøen Omashkoozo-zaaga'igan (Elgsjøen).[3]

Det finst elles ein annan sjø som i dag ber namnet Elgsjøen (Elk Lake). Denne har elvesamband med Itasca-sjøen, og somme har hevda at denne dermed er kjelda til Mississippi. Dette er likevel ikkje godkjent i fagkrinsar, fordi Elk Lake er så liten. Det same gjeld Nicolett Creek.

Det er verd å merka seg at Mississippi renn ut av Itasca-sjøen i nordleg retning, før ho svingar mot aust og etterkvart mot sør.

Utløpet vart elles flytt på 1930-talet. Ein kringliggande sump vart drenert, og området vart gjort meir turistvennleg. Det er faktisk mogleg enkelte stadar her å vassa over elva, noko som utgjer eit populært fotomotiv.

Frå 1891 har området rundt sjøen vore regulert til statleg naturpark.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Itasca-sjøen på World Water Database; vitja 8. juli 2016.
  2. Upham, Warren. «Minnesota Place Names: A Geographical Encyclopedia». Minnesota Historical Society. Arkivert frå originalen 8. januar 2011. Henta 14. august 2007. 
  3. Gilfillan, Joseph A. "Minnesota Geographical Names Derived from the Chippewa Language" in The Geological and Natural History Survey of Minnesota: The Fifteenth Annual Report for the Year 1886 (St. Paul: Pioneer Press Company, 1887)