Ivan Sjuvalov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivan Sjuvalov
Ivan Shuvalov by F.Rokotov (1760, Hermitage).jpg
FøddИван Иванович Шувалов
1. november 1727
Moskva
Død15. november 1797 (70 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet
Yrkelingvist, politikar
MorTatyana Ratislavskaya
FarIvan Shuvalov
SambuarElisabeth av Russland
MedlemRoyal Society

Ivan Ivanovitsj Sjuvalov (fødd 1. november 1727 i Moskva, daud 15. november 1797 i St. Petersburg) var ein russisk politikar.

Sjuvalov blei utnemnd av tsarina Elisabet til generaladjutant og medlem av «konferansen» (det dåverande statsrådet) og fekk stor innverknad på statsstyringa, men takka nei til tittel som greve. Han la ned stor innsats gjennom opprettinga av Statsuniversitetet i Moskva og gymnaset i byen i 1755, som han blei den fyrste kuratoren for. Det var også han som stod bak initiativ til å skipa Det russiske kunstakademiet (1757) og gymnaset i Kazan (1758).

Sjuvalov støtta Mikhail Lomonosov sin vitskaplege aktivitet og gav forslag til Voltaires Histoire de l'empire de Russie sous Pierre le Grand. Etter at Katarina II kom på trona var han busett i utlandet i 14 år. Etter heimkomsten blei han overkammarherre og samarbeidde med fyrstinna Katarina Dasjkova om utarbeidinga av Sobesiednik ljubitelej rossijskago slova. Biografien hans blei skriven av Pjotr Bartenev i 1857.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]