Kazan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kazan
Казань
Sentrum av Kazan
Sentrum av Kazan
Sentrum av Kazan
Flagget til Kazan Byåpenet til Kazan
Flagget til Kazan Byvåpenet til Kazan


Plassering
Kazan is located in Russland
Kazan is located in Tatarstan
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tatarstan
Grunnlagd Om lag 1005
Borgarmeister Ilsur Metsjin
Geografi
Flatevidd
 - By

425 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 116 000
  2 625,9 /km²
Koordinatar 55°47′″N 49°7′″EKoordinatar: 55°47′″N 49°7′″E
Høgd over havet 116 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 420xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)843
Bilnummer 16, 116
Nettstad: www.kzn.ru


Kazan (russisk Каза́нь; tatarsk Казан, Qazan) er hovudstaden i den russiske republikken Tatarstan. Byen har 1,1 millionar innbyggjarar og er den åttande største byen i Russland. Han er eit stort industrielt, kommersielt og kulturelt senter og er eit av dei viktigaste sentra for tatarsk kultur. Kazan ligg der elvane Volga og Kazanka renn saman, sentralt i den europeiske delen av Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er omstridd om Kazan vart grunnlagd av volga-bulgarar tidleg i mellomalderen eller av tatarar frå Den gylne horden på midten av 1400-talet, sidan det finst få skriftlege kjelder før sistnemnde. Om det har vore ein bulgarsk by på staden meiner ein at denne vart grunnlagd frå tidleg på 1000-talet til seint på 1200-talet. Han var ein utpost på grensa mellom Volga Bulgaria og landområda til finsk-ugriske folkegrupper (mari, udmurtarar). Eit anna usvart spørsmål er når festninga vart bygd. Arkeologiske utgravingar har funne spor etter tre forskjellige busetnader i området, og den eldste av desse er Kreml, som kan daterast tilbake til 1000-talet.

Spasski-tårnet

På 1000- og 1100-talet kan Kazan ha verna ei handelsrute på Volga frå Skandinavia til Iran. Han var eit handelssenter og kanskje òg ein storby for bulgarske nybyggjarar i Kazan-området, sjølv om hovudbyen deira var Bolğar lenger sør.

På 1200-talet kom nye folk til Kazan frå Bolğar- og Bilär-områda og slo seg ned i byen som då hadde vorte rasert av mongolar. Kazan vart eit senter i fyrstedøme, som var underlagd Den gylne horden. I 1430-åra reiv tatarar frå horden (som Ghiasetdin) til seg makta i fyrstedømet, som vart styrt av Bolghar-dynastiet fram til då.

Etter at Den gylne horden vart øydelagd, vart Kazan hovudstad i det mektige Kazan-khanatet (1438). Basaren i byen, Taş Ayaq (Steinbeinet)' vart det viktigaste handelssenteret i regionen, særleg innan møblar. Festninga og Bolaq-kanalen vart gjenoppbygd og gav byen eit sterkt forsvar. Russarane klarte å okkupere byen fleire gonger, men klarte ikkje å få full kontroll før i 1552.

I 1552 vart byen erobra av Russland under Ivan den grufulle og dei fleste innbyggjarane var massakrert. Under styret til Aleksander Gorbatji-Sjuiskij vart dei fleste tatarane i khanatet drepne, undertrykte eller kristna under tvang. Moskear og palass vart rive ned. Dei overlevande tatarane flytta til ein stad 50 km unna byen og russiske bønder og soldatar vart tvungen til å busetje seg i Kazan. Tatarar i russisk teneste fekk slå seg ned i den tatarske Bistäse nær bymuren. Seinare tatarske handelsmenn og handverkarar slo seg òg ned her.

Store delar av Kazan vart øydelagd av fleire store bybrannar. Etter ein brann i 1579 vart ikonet Vår Frue av Kazan oppdaga i byen. Under problemtida i Russland vart sjølvstende til Kazan-khantet gjenoppretta med hjelp av den russiske folkesetnaden, men sjølvstendet vart fjerna igjen av Kuzma Minin i 1612.

I 1708 vart khanatet i Kazan avskaffa og Kazan vart senter i eit gubernija. Etter Peter den store vitja byen vart han ein skipsbyggingsbase for den kaspiske flåten.

Den store russiske diktaren Gavrila Romanovitsj Derzjavin vart fødd i Kazan i 1743 som son av ein fattig bonde av tatarsk opphav.

Kazan vart kraftig øydelagd i 1774 som følgje av eit opprør frå grensetroppar og bønder leia av don-kosakken ataman (kaptein) Jemeljan Pugatsjov, men vart raskt bygd opp att under regjeringstida til Katarina den store. Katarina gav òg innbyggjarane løyve til å byggje moskear igjen, og den første av desse vart Marjani-moskeen. Diskrimineringa av tatarane held likevel fram.

På byrjinga av 1800-talet vart Kazan statsuniversitet og Prenteverket grunnlagt av Aleksander I. Koranen vart først trykt i Kazan i 1801 og byen vart eit viktig senter for orientalske studiar i Russland. Kazan'-skulen her bidrog til utvikling innan fonologi. Mot slutten av 1800-talet hadde Kazan vorte eit industrisenter i midtre område av Volga. Folk frå nærliggande landsbyar kom til byen for å få seg arbeid. I 1875 vart det lagt hestetrikk i byen og i 1899 ein verkeleg trikk.

Etter den russiske revolusjonen i 1905 fekk tatarar høve til å byggje Kazan opp att som eit tatarsk kultursenter. Det første tatarske teateret og den første tatarske avisa dukka då opp.

I 1917 vart det bygd ein krutfabrikk i byen. I 1918 vart Kazan hovudstad i Idel-Ural-staten, som vart undertrykt av bolsjevikane. I august 1918 vart byen ein kort periode okkupert av Kvite tsjekkarar. I 1920, etter oktoberrevolusjonen vart Kazan senter i Den tatarske sovjetiske sosialistrepublikken. I 1920- og 1930-åra vart det meste av moskeane og kyrkjene i byen øydelagd (som elles i Sovjetunionen).

Under den andre verdskrigen vart mange fabrikkar evakuert til Kazan og byen vart eit senter for militær industri der det vart produsert stridsvogner og fly.

Seint i 1980- og 1990-åra etter Sovjetunionen vart oppløyst, vart Kazan igjen eit senter for tatarsk kultur og tendensar til separatistrørsler dukka opp. Sidan 2000 har byen gått gjennom ein total renovasjon. Ein metro med ei enkel linje vart opna 27. august 2005. Kazan metro har fem stasjonar, men det er planar om å utvide toglinja i begge retningar. Kazan feira tusenårsjubileum i 2005 og den største moskeen i Russland, Qolsharif, vart innvigd, samstundes med at den heilagaste kopien av Vår Frue av Kazan kom tilbake til byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kazan