Elisabet av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elisabet av Russland
Carle Vanloo, Portrait de l’impératrice Élisabeth Petrovna (1760).jpg
Tsarina
Regjeringstid6. desember 1741-5. januar 1762
Kroning6. mars 1742
Fødd29. desember 1709
FødestadKolomenskoje
Død5. januar 1762
DødsstadSt. Petersburg
FøregjengarIvan IV
EtterfølgjarPeter III
GemalAleksej Razumovskij
FarPeter I
MorKatarina I

Elisabet av Russland (29. desember 17095. januar 1762) var tsarinne av Russland frå 1741 til 1762. Ho tok landet inn i den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763). Like før ho døydde i 1762 omfatta Det russiske imperiet nesten 16 millionar kvadratkilometer.

Innanrikspolitikken hennar tillét adelen å få større innverknad i dei lokale styra, medan ho korta inn tenestetida deira i staten. Ho oppfordra Lomonosov til å grunnleggje Universitetet i Moskva og Sjuvalov til å grunnleggje Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Ho brukte òg enorme summar på grandiose barokkbyggverk av favorittarkitekten hennar, Bartolomeo Rastrelli, særleg i Peterhof og Tsarskoje Selo. Vinterpalasset og Smolnykatedralen er dei største monumenta etter henne i St. Petersburg. Generelt var ho ein av dei høgast verdsette russiske monarkane, fordi ho ikkje tillet tyskarar i regjeringa og ikkje ein einaste person vart avretta under regjeringstida hennar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russian Tsars av Boris Antonov, s.105.
Spire Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.