Ivar Østberg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ivar Østberg | |
Fødd | 15. november 1942 |
---|---|
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Ivar Østberg (fødd 15. november 1942 i Fredrikstad) er ein norsk politikar for KrF. Han vart innvald på Stortinget frå Troms i 1997, og møtte i to periodar. Østberg var varaordførar i Harstad 1983–1985.
Etter examen artium frå Kristeleg Gymnasium var Østberg lærarvikar før han tok lærarutdanning på Oslo lærarskule frå 1968 til 1970. Deretter tok han spesialpedagogikkutdannelse på Statens spesiallærerhøgskole før han vart rektor innan barne- og ungdomspsykiatri frå 1971 til 1974. Deretter var han spesialpedagog hos PPT Sør-Troms frå 1974 til 1985 før han vart leiar av same kontor i ein tiårsperiode. Før han vart valt inn på Stortinget var han etter å ha teke audiopedagogikkutdanning fylkesaudiopedagog frå 1995 til 1997.
Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]
- 2001–2005 medlem av Kommunalkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Kommunalkomitéen.
- 1997–2001 varamedlem av Valkomitéen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ivar Østberg» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.