Ivar Samset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Samset
Fødd4. desember 1918
Død29. juni 2015
NasjonalitetNoreg
Yrkesjølvbiograf
Alma materNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ivar Samset (4. desember 191829. juni 2015) var ein norsk professor i «Skogbrukets driftsteknikk» ved Skogforsøksvesnet på Ås. Han var fødd i Skien i Telemark og var ferdig utdanna forstkandidat ved Noregs landbrukshøgskule i 1944.[1][2]

Samset bidrog til å byggja opp eit norsk fagmiljø for eit morderne norsk skogbruk i etterkrigstida.[2] Han var sentral i å utvikla meir effektive driftsformer. Det var Samset som etter ein studietur til Canada importerte dei fyrste halvbelta for landbrukstraktor til Noreg og seinare inførte hjulgåande skogsmaskiner slik at ein kunne utvida drifta til sumarhalvåret. Bruk av kabelkraner var ei anna driftform han var sterkt involvert i.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hals, A., Ivar Samset: En nestor runder nitti, Skogeieren, nr. 11, 2008, ss. 14-15.
  2. 2,0 2,1 Tore Vik (14. juli 2015). «Nekrolog: Ivar Samset». Aftenposten. Henta 22. august 2015.