Ivar Vaksdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Johannesson Vaksdal (18. desember 187621. april 1957) var ein norsk ingeniør og politikar, fødd i Samnanger og oppvaksen i Vaksdal. Frå 1937 til 1945 var han stortingsrepresentant for Venstre.

Ivar Vaksdal var son til Johannes J. Kvitingen, mylnar ved Vaksdals Kornmølle. Sjølv utdanna han seg ved Trondhjems tekniske læreanstalt, der han tok eksamen i 1901 på ingeniørlinja. 1901-02 var han tilsett med reisinga av grensefestningar i Smålenene, 1902-03 hadde han arbeid heime i Bergen. Perioden 1903-06 dreiv han eiga ingeniørforretning i Ålesund, sidan i åra 1907-11 i heimbyen Bergen. Frå 1911 var han disponent av Margarinfabrikken Norge A/S i Bergen.

Vaksdal var medlem i Bergen bystyre frå 1910 til 1934, i tida 1913-22 med plass i formannskapet. Han var ei tid formann i det kommunale elektrisitetsverket og det kommunale gassverket.

Vaksdal møtte på Stortinget 1922-24 som varamann for statsminister Johan Ludwig Mowinckel fram til 6. mars 1923, og på ny frå 25. juli 1924, medlem i Jarnbanekomiteen. Valperioden 1931-33 møtte Vaksdal i Stortinget ei veke i mars 1933, då som varamann for Hans Fasmer. Valperioden 1934-36 møtte Vaksdal som varamann for statsminister Mowinckel fram til 20. mars 1935, då Nygaardsvold-regjeringa kom til makta. Perioden 1937-45 hadde Vaksdal fast stortingsplass, medlem i Finans- og tollkomiteen og 1945 i Sosialkomiteen.

Etter verdskrigen var Vaksdal formann i Komiteen om skadebot under krigføringa i 1940.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]