Iver L. Hvamstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iver L. Hvamstad
Fødd14. desember 1843
Brandbu
Død5. oktober 1903
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde
BarnIvar Hvamstad

Iver Larssen Hvamstad (14. desember 18435. oktober 1903) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Brandbu i Oppland.

Hvamstad var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seimarist frå Asker i 1867, og var deretter lærar ved Gran høgre allmennskule og brukar av garden Hilden i Brandbu. Han var ordførar i heradsstyret i mange år og forlikskommissær.

Hvamstad var stortingsmann 1880-85 frå Kristians amt. I den fyrste tingbolken 1880-82 var han medlem av budsjettkomiteen, i den andre av tollkomiteen. I 1883-sesjonen var han permittert frå 21. april. Han sa i 1885 frå seg attval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]