Ivica Kostelić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivica Kostelić
Ivica Kostelic 25102010 CroSki AE09283 (cropped).jpg
Fødd 23. november 1979 (41 år)
Zagreb
Yrke alpinist
Ivica Kostelić på Commons
Ivica Kostelić i 2011

Ivica Kostelić (fødd 23. november 1979) er ein kroatisk alpinist fødd i Zagreb. Han vann verdscupen i alpine greiner 2011 og vart verdsmeister i slalåm i 2003. I tillegg har han i perioden 2006-14 vunne fire OL-sølv, samt ein sølv- og ein bronsemedalje i ulike verdsmeisterskap. Janica Kostelić er systera hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kostelić slo gjennom i 2002-sesongen, han vann då tre slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner og sikra seg FIS-pokalen som prov på at han var verdas beste i slalåm. Året etter vann han gullmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz.

Under Vinter-OL 2006 i Torino tok Kostelić sølvmedaljen i kombinasjonen og vart nummer seks i slalåm. Fire år seinare fekk han med seg to sølvmedaljar heim frå vinterleikane 2010 i Vancouver, fyrst i superkombinasjonen og deretter i yndlingsgreina slalåm.

Sesongen 2010/11 lukkast Kostelić å vinne verdscupen i alpine greiner, i tillegg gjekk han til topps i både kombinasjonsgreina og slalåmgreina av verdscupen. I januar månad 2011 sette han to rekordar i verdscupen; han vann sju renn og tok heile 999 poeng. Men då VM i alpine greiner 2011 vart avvikla i februar månad i Garmisch-Partenkirchen måtte han nøye seg med ein bronsemedalje i super-G.

Både i VM i alpine greiner 2013 i Schladming og under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok Kostelić sølv i superkombinasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar