Jönköpings kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jönköpings kommun
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Jönköpings län
Landskap Småland
Centralort Jönköping
Areal 1 935 24 km²
 - land 1 488 75 km²
 - vatn 446 49 km²
Folketal 123 709
Folketettleik 82 1 / km²
Jönköping Municipality in Jönköping County.png
Wikimedia Commons: Jönköping Municipality
Nettstad: www.jonkoping.se

Jönköpings kommun er ein kommune i Jönköpings län i Sverige. Kommunen ligg nordvest i Småland ved sørenden av Vättern, og grensar innanfor lenet til Tranås kommun i nordaust, Aneby kommun i aust, Nässjö kommun i søraust, Vaggeryds kommun i sør, Gislaveds kommun i sørvest og Mullsjö kommun og Habo kommun i nordvest. Vidare grensar han til Ödeshögs kommun i Östergötlands län i nord, og til Tranemo kommun og Ulricehamns kommun i Västra Götalands län, i høvesvis sørvest og vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Jönköping.

I Jönköpings kommun finn ein eit oppskore platålandskap med ei rekkje innsjøar i aust. Vidare er det ein del dyrka mark der det er næringsrik morenejord, og furuskogar i dei meir næringsfattige områda med sand- og grusunderlag.

Næringslivet i kommunen er dominert av tenestesektoren, og mange statlege verk og styresmakter er lagde til han. Mellom dei største verksemdene i kommunen finn ein Husqvarna, Electrolux og Stora Enso.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Før dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863, fanst det i det som utgjer kommunen i dag, forutan byane Jönköping og Gränna, 21 sokn. Kvart og eitt av dei vart då gjorde om til kommunar. I 1907 braut Huskvarna köping ut av Hakarps landskommun, og vart allereie i 1911 gjord om til Huskvarna stad. I 1910 vart Ljungarums landskommun innlemma i Jönköpings stad. I 1943 vart Sandseryds landskommun gjord om til Norrahammars köping. I 1951 vart Järstorps landskommun delt, og den eine delen gjekk inn i Bankeryd, medan den andre gjekk inn i Jönköpings stad.

Ved den landsomfattande kommunereforma i 1952 vart «storkommunane» Lekeryd (av dei tidlegare kommunane Järsnäs, Lekeryd og Svarttorp), Norra Mo (av Angerdshestra, Bottnaryd og Mulseryd), Skärstad (av Skärstad og Ölmstad), Södra Mo (av Norra Hestra, Norra Unnaryd, Stengårdshult, Valdshult og Öreryd) og Tenhult (av Barnarp, Rogberga, Ödestugu og Öggestorp) oppretta. Samtidig gjekk også Gränna landskommun inn i Gränna stad. Landskommunane Bankeryd, Hakarp, Månsarp og Visingsö vart ikkje påverka, og det vart heller ikkje byane Huskvarna og Jönköping.

I 1967 gjekk Hakarp og Huskvarna saman att. Ved den nesta store kommunereforma i 1971 vart einskapleg kommunetype innført, og Jönköpings kommun vart dermed oppretta av dei tre byane, köpingen og dei sju landskommunane Bankeryd, Lekeryd, Månsarp Norra Mo, Skärstad Tenhult og Visingsö, samt Norra Unnaryds församling frå den oppløysta Södra Mo landskommun (som fekk dei andre delane omgjorde til den kortliva Södra Mo kommun). Administrasjonssenter vart Jönköping som allereie var fysisk samanvaksen med Huskvarna.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På raud bakgrunn med ei bølgje i blått, ei oppstikkande krenelert borg av sølv med tre krenelerte tårn, det midtre høgst, med svarte vindauge, dører og port, samt eit oppheisa gitter i sølv.[1]

Våpenet stammar frå eit segl frå 1400-talet, og vart fastsett av kongen i 1935. Trass i at eit våpenbilete med eitt eller fleire tårn er ganske vanleg, og dermed ikkje noko særskilt, vart våpenet registrert heilt uforandra for den nye kommunen i 1974. Tre våpen, Gränna sitt, Huskvarna sitt og Norrahammar sitt, vart gjorde ugyldige ved kommunesamanslåinga i 1971.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 16 tettstader i Jönköpings kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Jönköping 84 423
2. Bankeryd 6 498
3. Taberg 4 223
4. Tenhult 2 916
5. Gränna 2 578
6. Odensjö 1 714
7. Kaxholmen 1 402
8. Trånghalla 1 251
9. Lekeryd 763
10. Barnarp 724
11. Bottnaryd 723
12. Tunnerstad 314
13. Skärstad 309
14. Ölmstad 308
14. Örserum 308
16. Öggestorp 227

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I rött fält en från en vågskura bildad blå stam uppskjutande krenelerad borg av silver med tre krenelerade torn, det mellersta högst, svarta fönster, dörrar och port samt upphissat portgaller av silver.».