Jüri Tamm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jüri Tamm (fødd 5. februar 1957) er ein estisk tidlegare politikar og sleggjekastar frå Pärnu. Som representant for Sovjetunionen vann han bronsemedaljen i sleggjekasting både under Sommar-OL 1980 og Sommar-OL 1988, samt sølvmedaljen ved VM 1987. Med eit kast på 80,46 meter var Tamm i 1980 verdsrekordhaldar i ni dagar.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Tamm sette verdsrekord i Leselidze den 16. mai 1980. Rekorden vart sletta allereie 23. mai av Sergej Litvinov, også han representant for Sovjetunionen. Under dei olympiske leikane i Moskva same sommaren vart Tamm tredjemann bak Jurij Sedykh og Litvinov. Etter nokre svakare sesongar kom Tamm sterkt tilbake i 1984. Han flytta sitt personbeste fleire gongar, sist til 84,40 meter i Banská Bystrica i september månad.

Under verdsmeisterskapen 1987 i Roma kneip Tamm sølvmedaljen framfor tyske utøvarar, gullvinnar Litvinov var i ei eiga klasse. Året etter fekk Tamm bronsen i øvinga under OL i Seoul, Litvinov og Sedykh var framleis i eiga klasse. Tamm kom på femteplass i Sommar-OL 1992, der representerte han heimlandet Estland.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Tamm vart i 1999 vald til parlamentsmedlem i Estland og attvald i 2003. Han representerte sosialdemokratane (SDE).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]