J.M. Andrews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
J.M. Andrews
John Miller Andrews.jpg
Fødd17. juli 1871
Comber
Død5. august 1956
Comber
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiUlster Unionist Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedRoyal Belfast Academical Institution
FarThomas Andrews
MedlemOrangeordenen

John Miller Andrews (17. juli 18715. august 1956) var ein nordirsk landeigar, direktør, partipolitikar og leiar for Ulster Unionist Party, leiande medlem i Orangeordenen og andre statsminister for Nord-Irland etter kløyvinga av Irland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Familie, bakgrunn, oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Andrews vart fødd og vaks opp i småbyen Comber, i grevskapet Down, aust for Belfast. Han var eldst i ein syskenflokk på fire brør og ei syster. Faren var Thomas Andrews som dreiv innanfor tekstilindustrien og åtte eit spinneri og ein linbleikarfirma, og mora var Eliza Pirrie, som var syster av styreformannen for Belfastskipsverftet Harland and Wolff, Viscount Pirrie.[1] Faren hans var ein liberal unionist, sjølv fylgde han ein annan veg i Ulster Unionist Party og Orangeordenen.[2]

J.M. Andrews var fødd inn i eliten, og tok vidaregåande utdanning på den fremste skulen for unionistiske overklassegutar i det nordlege Irland - Royal Belfast Academical Institution. Ein av dei yngre brørne, Thomas Andrews, vart administrerande direktør på Harland and Wolff-verftet. Han omkom då RMS «Titanic» sokk. Ein annan yngre bror, sir James Andrews, vart Lord Chief Justice for Nord-Irland.

Andrews som landeigar, direktør og økonomisk aktør[endre | endre wikiteksten]

Etter endt utdanning gjekk han inn i og vart direktør for familiefirmaet, og vart og styremedlem for ein av dei store reipfabrikken Belfast Ropeworks, ein fabrikk som på det største var den største reipfabrikanten i verda. I 1936 vart han og president for handelsstanden i Belfast.[3]

Karriere i Ulster Unionist Party, som vald politikar, i Orangeordenen og i anna organisasjonsliv[endre | endre wikiteksten]

J.M. Andrews har vore vald representant til Down County Council, og representerte Ulster Unionist Party i det nordirske parlamentet frå valkrinsen County Down frå 1921 til 1929 og frå Mid-Down frå 1929 til 1953.[4]. Han høyrde med til den store mengda kandidatar frå Ulster Unionist Party som ikkje hadde motkandidatar ved desse vala, og som difor berre vart kunngjort som valde utan at nokon faktisk røysta på dei.

Han vart raskt ein framståande politikar som arbeidsminister i Nord-Irland frå 1921 til 1937 og finansminister frå 1937 til 1940. Frå 1940 til 1943, då han gjekk av, var han den andre statsministeren for Nord-Irland.

Som unionistpartimedlem var han gjennom heile karriera si oppteken av den høge arbeidsløysa og dei konsekvensane den fekk eller kunne få.[5] Andrews var difor ein av dei som gjekk i brodden for å skipa Ulster Unionist Labour Association i juni 1918, mellom anna saman med unionistleiaren Edward Carson. Det var sterke klassekonfliktar på denne tida, og mange i unionistpartiet ottast både bolsjevisme og svekking av unionen.[6] Ulster Unionist Labour Association var ein freistnad på å demma opp mot sosialisme og republikanisme.

Andrews høyrde med til den store gruppa unionistpolitikarar som var aktive både i Ulster Unionist Party og i Orangeordenen og som gjorde karriere båe stader. Han var aktiv både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt i Orangeordenen. I 1920 var "Bro J.M. Andrews" t.d. talar på 12. juli-paraden på heimplassen Comber, som då skulle ha vore to engelske mil lang, rett nok med deltaking frå losjar frå heile regionen. Den lokale Orangelosjen her, Pride of Comber LOL No 46, var då ein av dei største Irland, og oppgav å ha 200 aktive medlemer.[7]

Frå 1941-1954 var han Grand Master for grevskapet Down, frå 1948-1954 Grand Master for heile Irland og frå 1949-1954 Grand Master for Imperial Grand Council of the World.[8]

John Harbinson forklårer Andrews avgang som statsminister i 1943 som utslag av ei konflikt der vesentlege delar av dei folkevalde til regionalparlamentet var misnøgde med at partileiinga var for gamle, og var «collectively too old and insensitive to cope with the war effort and to plan for the new Ulster which would require to be built when the war ended.»[9]. Harbinson ser ut til å ha kjelder på ein slik kritikk frå årsmeldinga til Ulster Unionist Council for 1943, og hevdar at Andrews skjerpa frontane i denne saka ved å venda seg tydeleg mot kritikarane. Harbinson oppsummerer at Andrews innsåg at han hadde mista tilliten frå partigruppa i slutten av april 1943 og difor trekte seg som statsminister. Han fungerte likevel som partileiar fram til 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J.M. Andrews in engelskspråkleg Wikipedia, https://en.wikipedia.org/wiki/J._M._Andrews, lese 15. juli 2019. Sjå ogso Henry Boyland (red): A dictionary of Irish biography. Dublin, Gill and MacMillan 1999, s. 5 ISBN 0-7171-2945-4 og Kate Newman (red.): Dictionary of Ulster Biography. Belfast, Institute of Irish Studies (Queen's University) 1993, s.5 ISBN 0-85389-478-7
  2. John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1973 ISBN 85640 076 9, s. 139.
  3. Graham Walker: A history of the Ulster Unionist Party. Protest, pragmatism and pessimism. Manchester, Manchester University Press 2004 ISBN 0-7190-6109-1, s. 291.
  4. Henry Boylan (red.): A Dictionary of Irish Biography. Dublin, Gill and Macmillan 1999 ISBN 0-7171-2945-4, s.5
  5. John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1973 SBN 85640 076 9, s. 139.
  6. Sjå engelskspråkleg Wikipedia Ulster Unionist Labour Association, https://en.wikipedia.org/wiki/Ulster_Unionist_Labour_Association , lese 15. juli 2019.
  7. Nettstaden til Comber Historical Society: Comber in the 1920s - http://www.comberhistory.com/chs%201920s.htm , lese 15. juli 2019.
  8. Henry Boylan (red.): A Dictionary of Irish Biography. Dublin, Gill and Macmillan 1999 ISBN 0-7171-2945-4, s.5. og Graham Walker: A history of the Ulster Unionist Party. Protest, pragmatism and pessimism. Manchester, Manchester University Press 2004 ISBN 0-7190-6109-1.
  9. John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1973 SBN 85640 076 9, s. 140.