J. P. Nyströms orgel- & pianofabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

J. P. Nyströms orgel- & pianofabrik var eit svensk føretak som bygde orgel og piano i Karlstad. Føretaket vart skipa i 1865 og lagt ned i 1962. I 1909 vart det kunglig hovleverantör.

Johan Petter Nyström grunnla føretaket i 1865. Han hadde tidlegare avlagt svenneprøve som møbelsnekkar. Nyström hadde tidlegare arbeidd hos læremeistrar i Stockholm og Norrland. I 20-årsalderen busette han seg i Väse og tok til å lage handklaver og trekkspel.

  • I 1925 vart det produsert om lag 600 orgel og 200 piano.
  • I 1949 vart det produsert om lag 2000 piano.

J. P. Nyström leverte i 1889 orgelet i dåverande Revholt kapellGrue Finnskog.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1865-1900 - Johan Petter Nyström (1839-1900) piano- og orgelfabrikant i Karlstad.
  • 1900-1901 - Oscar Fredrik Nyström (1866-1901), eldste sonen til J.P. Nyström.
  • 1901-1937 - Carl Wilhelm Nyström (1871-1937), sivilingeniør, piano- og orgelfabrikant i Karlstad.
  • 1937-1962 - Boo Nyström (1900-1982), konsul, piano- og orgelfabrikant i Karlstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]