Jacob Brevig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Brevig
Fødd 27. desember 1864
Død

31. august 1949

Yrke politikar

Jacob Brevig (27. desember 186431. august 1949) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Enebakk.

Brevig tok over farsgarden i 1897 og dreiv denne. Han var medlem av heradsstyret frå 1897, ordførar i Enebakk frå 1899 til 1910 og frå 1914 til 1925. Elles var han med i forlikskommisjonen og i styringa av den lokale sparebanken. Brevig var også stortingsrepresentant for Romerike og for Samlingspartiet 1907-12, deretter for Akershus og Frisinna Venstre 1922-24. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen i 1906-09 og budsjettkomiteen 1910-12.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]