Jacob Ihlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Ihlen
Jacob Thurmann Ihlen-PD.jpg
Fødd17. mai 1833
Holmestrand kommune
Død10. oktober 1903
Oslo
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, advokat

Jacob Thurman Ihlen (17. mai 183310. oktober 1903) var ein sakførar og stortingsmann frå Holmestrand.

Ihlen var son til ein skipsreiar. Sjølv vart han student i 1851 og cand. jur. i 1855. Han var så tilsett ved eit handelskontor i Christiania i tre år. Sidan 1859 var han fyrst overrettssakførar og seinare høgsterettsadvokat.

I 1867 vart Ihlen styreformann i brannassurandøren «Norden» og fire år seinare fekk han same posisjonen i sjøforsikringsselskapet «Poseidon». Han vart formann i den kongelege patentkommisjonen i 1876 og i sjølovskommisjonen i 1882.

Ihlen var medlem av bystyret i hovudstaden i mange år. Han var stortingsrepresentant for Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger frå 1883 til 1888. I begge valperiodane var han medlem av tollkomiteen. Han slutta seg til Høgre si gruppe i Stortinget.

Han døydde i hovudstaden i 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]