Jaghjagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Çağ Çağ deresi, Nusaybin, Musa Anter Parkı.jpg

Jaghjagh (arabisk نهر جقجق Nahr Jaqjaq eller نهر الجغجغ Nahr al-Jaghjagh, tyrkisk Çağ-çağ Deresi, kurdisk Çemê Nisêbînê eller Cexcex)[1] er ei sideelv til Khabur i Tyrkia og Syria.

Elva har to kjelder. Den lengre greina, Siyahsu (som tyder mørkt vatn, kurdisk Av-e Resh), spring ut nær landsbyen Toptepe i provinsen Mardin i Tyrkia, og renn 10 km til samløpet med den kortare greina, Beyazsu (som tyder kvitt vatn, kurdisk Av-e Spi).

Elva renn inn i Syria nær byane Nusaybin og Al-Qamishli. Vatnet vert i stor grad nytta til kunstig vatning både i Tyrkia og Syria.

Ferskvassskjel og skjelpadder heldt til i elva. Det vert òg drive oppdrett av aure.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geonamns database