Jakob J. Myklebust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob J. Myklebust
Fødd 9. november 1851
Breim
Død

28. april 1922 (70 år)
Gloppen

Yrke politikar, bonde

Jakob Jakobsson Myklebust (9. november 185128. april 1922) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsrepresentant frå Breim i Gloppen.

Myklebust gjekk i yngre år på ein privatskule driven av Jakob Hjelmeset i Gloppen. Frå 1879 var han gardbrukar på farsgarden på Myklebust i Breim. Han var medlem av kommunestyret frå 1875, ordførar i Gloppen kommune frå 1884 til 1886. Deretter vart han den fyrste ordføraren i den utskilde Breim kommune, eit ombod han hadde frå 1886 til 1913.

I perioden 1886-91 representerte Myklebust Nordre BergenhusStortinget. Han høyrde til Venstre og var 1886-88 medlem av tollkomiteen, siste perioden var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen. I Breim fekk han tilnamnet «Stortings-Jakob», han var vararepresentant til Stortinget i tre periodar. 1906-09 var han 1. varamann frå Nordfjord krins og møtte då på Stortinget i 1907 frå 8. juli, og i 1908 i tida 27. mai-30. juni.

Medan han sat på Stortinget fekk han i stand ei løyving på 5000 kroner til ein bygdeveg i heimbygda Myklebustdalen. Vegen er i dag fylkesveg 693, eller Myklebustvegen. [1]

Myklebust etablerte Myklebust meieri i 1876, det fyrste meieriet i Nordfjord. [2] Han spela ei sentral rolle då meieriet på Byrkjelo vart gjenoppretta kring år 1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Minnestein om vegen til Myklebustdalen i Breim». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005. Henta 8. september 2008. 
  2. «Småmeieria i Gloppen og Breim». NRK. Henta 8. september 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]