Jakob Jakobsson Hjelmeset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Jakobsson Hjelmeset (1. februar 184022. januar 1877) var ein skulemann frå Gloppen i Nordfjord.

Hjelmeset var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han landbruksskule i 1861 og vart sidan seminarist i 1864. I 1868 tok han studenteksamen og sju år seinare vart han cand.real. Inn i mellom studiane var han lærar og frå 1876 dreiv han privat folkehøgskule i Gloppen. Samstundes tok han over farsgarden. Han vart vald til 5. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget for perioden 1877-79. Men han døydde heime i Gloppen straks etter Stortinget var sett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]