Jalal Talabani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jalal Talabani
Meetings of Presidents participated in Nowruz with Ali Khamenei - Tehran, Iran (Cropped on Talabani).jpg
Fødd 12. november 1933
Kelkan
Død

3. oktober 2017
Berlin

Jalal Talabani på Commons

Jalal Talabani (fødd 1933) er ein kurdisk irakar med lang fartstid innan politikken, og er leiar for Kurdistans patriotiske union (PUK). 6. april 2005 blei han vald til irakisk president etter det første frie valet landet har hatt.

Talabani, som gjerne blir kalla Mam (onkel) Jalal blant kurdarar, er utdanna advokat ved universitetet i Bagdad. Han byrja den politiske karrieren sin som student, då han grunnla den kurdiske studentunionen, ei ungdomsfylking til det kurdiske demokratiske partiet (KDP).

Han steig raskt i gradene i morpartiet, men usemje med partileiaren Mustafa Barzani førte til at han blei med i ei utbrytargruppe, KDP-Political Bureau. Gruppa var leia av Ibrahim Ahmad som seinare skulle bli svigerfar til Talabani. I 1966 tok gruppa regjeringa si side og førte ein militær kamp mot KDP.

I 1975 danna Talabani og andre Kurdistans patriotiske union (PUK), eit sosialistisk parti som prøvde å heva seg over stammetilhøyrsle og kjempa mot regjeringa. Partiet tok snart opp våpen mot regjeringa. I 1988 blei dei sterkt ramma av dei kjemiske våpna som blei brukt mot kurdarane. Talabani måtte flykta frå Nord-Irak til Iran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]