Jambol
Jambol | |||
Ямбол | |||
Kommune | |||
St. Georgskyrkja i Jambol
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Jambol | ||
Koordinatar | |||
Høgd | 114 m | ||
Areal | 90,551 km² [1] | ||
Folketal | 74 132 (2011) | ||
Folketettleik | 818,68 / km² | ||
Ordførar | Georgi Slavov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Jambol | |||
![]() Jambol kommune i provinsen Jambol
| |||
Wikimedia Commons: Yambol Municipality | |||
Nettstad: yambol.bg | |||
Jambol eller Yambol (bulgarsk Ямбол) er ein by og ein kommune i provinsen Jambol i Bulgaria. Kommunen omfattar berre sjølve byen Jambol.
Byen ligg på båe sider av elva Tundzja i det historiske landskapet Thrakia.
Areal og folketal[endre | endre wikiteksten]
Kommunen har eit areal på 91 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 74 132 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Jambol høyrer heile kommunen Jambol i tillegg til kommunen Tundzja.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 98 287.[2]
Den einaste busetnaden i kommunen er:[2]
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011) |
---|---|---|
Jambol | Ямбол | 74 132 |
Historie for byen og området[endre | endre wikiteksten]
Området rundt Jambol har hatt busetnad sidan neolittisk tid. Dagens Jambol blei fyrst grunnlagt som ein romersk by i år 293 av den romerske keisaren Diokletian, under namnet Diospolis. Med den bulgarske voksteren på slutten av 500-talet og skipinga av det fyrste bulgarske riket i 681, blei Jambol, saman med heile område sør for Balkanfjella (det antikke Hemus), ein del av Bulgaria på byrjinga av 700-talet.
I 1373 blei Jambol erobra av tyrkarane og underlagt det osmanske riket, kor byen voks til eit viktig regionalt senter. Byen blei gjort fri av russarane i 1878, og blei ein del av det autonome Aust-Rumelia, som seinare, i 1886 blei sameint med resten av Bulgaria (dagens bulgarske stat).
Verd å sjå[endre | endre wikiteksten]
Byen husar fleire historiske attraksjonar frå det osmanske riket, blant anna ein moské og ein tyrkisk basar frå byrjinga av 1500-talet. Området rundt byen er òg blant dei rikaste i Bulgaria på arkeologiske utgravningsstader.
Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Jambol Arkivert 2017-09-19 ved Wayback Machine.
- yambolnews.net
- Jambol historiske museum