James Jesus Angleton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
James Jesus Angleton
James Jesus Angleton.jpg
Fødd 9. desember 1917
Boise
Død

12. mai 1987
Washington

Yrke spion, sjølvbiograf
James Jesus Angleton på Commons

James Jesus Angleton (9. desember 191712. mai 1987) var ein amerikansk spesialagent og sjef for CIA si kontraetterretning (CI) frå 1954 til 1975. Offisielt heitte denne stillinga Associate Deputy Director of Operations for Counterintelligence (ADDOCI). Angleton var rekna som ein av dei mektigaste offisielle personane i USA på 1950-, 1960- og 1970-talet. Angleton verka i CIA under seks sjefar, mellom dei Walter Bedell Smith, Allen Dulles og Richard Helms.

Under andre verdskrigen vart Angleton rekruttert til Office of Strategic Services (OSS), som organisasjonen heitte før CIA, og arbeidde i London, der han vart ven med Kim Philby, og vart glad i Italia. Etter krigen spesialiserte han seg på den sovjetiske etterretningstenesta KGB, og fekk i 1954 i oppdrag av CIA-sjefen Allen W. Dulles å etablere ei avdeling for kontraspionasje. Han var sjef for denne avdelinga frå 1954 til 1975, då han fekk sparken av CIA-sjefen William Colby i samband med behandlinga av agenten Richard Kovich og skandalen med avhopparen Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn. Dette har òg samband med Lygren-saka i Noreg.

Angleton døydde av sjukdomen lungekreft i 1987, og vart gravlagd i heimbyen Boise.[1][2]

Referensar[endre | endre wikiteksten]

  1. «James Angleton, Counterintelligence Figure, Dies», New York Times, henta 8. januar 2017 
  2. «James Jesus Angleton». Spartacus Educational. Henta 8. januar 2017.