Jamesbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jamesbukta med Hannahbukta nedst til høgre. Satellittbilete frå august 2000

Jamesbukta er ei enorm havbukt i den sørlege enden av Hudsonbukta i Canada. Begge strekkjer seg sørover frå Nordishavet. Grensa mellom provinsane Quebec og Ontario går gjennom bukta i lengdretninga, men øyane i havet, medrekna den største Akimiski Island (3001 km2), høyrer til territoriet Nunavut. Nedslagsfeltet til bukta er åstad for fleire store vasskraftprosjekt, og er òg brukt til elvebasert rekreasjon. Fleire lokalsamfunn er plassert nær eller ved kysten av Jamesbukta, inkludert ei rekkje lokalsamfunn av urfolk som Kashechewan.

Som med resten av Hudsonbukta, fryser sjøen i Jamesbukta om vinteren, sjølv om dette havet er det siste til å fryse om vinteren, og den første til å tine om våren.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jamesbukta representerer den sørlege utstrekninga innanfor økosona til dei store øyane i det kanadiske polararkipelet. Den steina og småkuperte austbreidda dannar den vestlege utkanten av det kanadiske skjoldet i Quebec, og såleis er det viktigaste habitatet her boreal skog. Vestkysten er prega av flatt, vått tundralågland. Ein stor del av dette området er ein del av 'Polar Bear Provincial Park'.

Hundrevis av elver flyt inn i Jamesbukta. Geografien i regionen gjev mange av elvane likeins eigenskapar. Dei pleier å vere breie og grunne nær bukta, medan dei er brattare og smalare lenger oppstraums.

Hannahbukta

Hannahbukta er den sørlegaste bukta innanfor Jamesbukta. Her flyt elvane Kesagami og Harricana ut i Jamesbukta. Eit område på om lag 238 km2 er verna som fuglereservat for trekkfuglar etter kanadisk lov. Dette verneområdet er òg utpeikt som eit verdifullt område etter Ramsarkonvensjonen frå mai 1987.

Landet i dette området er ei blanding av gjørmete fjærer, sand- og saltsletter, elvemunningar, myrar, ferskvassdammar, sumpar og skogkledde myrar. Desse elementa gjev grunnlag for eit rikt dyreliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]