Polar Bear Provincial Park
Polar Bear Provincial Park | |||
verneområde | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Provins | Ontario | ||
Polar Bear Provincial Park 54°45′42″N 83°02′20″W / 54.7617°N 83.0388°W |
Polar Bear Provincial Park er ein isolert villmarkspark heilt nord i Ontario i Canada. Han ligg på vestkysten av Jamesbukta der denne møter Hudsonbukta. Terrenget er del av Hudson Bay Lowlands og omfattar urørt lågtliggande tundra. Mykje av området er prega av permafrost, med mykje myr, sump og muskeg.[1]
Parken dekkjer 23 552 kvadratkilometer (9 093 sq mi) og er den største parken i Ontario. Han er administrert av Ontario Parks, og ein treng spesielle løyve for å vitja han. Det finst ingen fasilitetar for vitjande, og ein kan berre nå han med luftfartøy. Hovduføremålet med parken er å verna om habitatet for artane her, særleg dei fleire hundre isbjørnane som migrerer gjennom området.
Polar Bear Provincial Park er blitt rekna som eit internasjonalt viktig våtmarksområde under Ramsar-konvensjonen sidan mai 1987.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Welcome to Polar Bear Provincial Park», www.ontarioparks.com (på engelsk), henta 11. juni 2023
- Denne artikkelen bygger på «Polar Bear Provincial Park» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2023.