Det kanadiske polararkipelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kanadiske polararkipelet
øygruppe
Land  Canada
Kart
Det kanadiske polararkipelet
75°N 90°W / 75°N 90°W / 75; -90
Wikimedia Commons: Canadian Arctic Archipelago
Kart over Det kanadiske polararkipelet.

Det kanadiske polararkipelet er ei stor gruppe øyar som ligg nord for fastlandet i det nordlege Canada. Øygruppa består totalt av 36 469 øyar, der 94 blir rekna som større øyar (med eit areal større enn 130 km²). Totalt areal er anslått til rundt 1,4 millionar km².

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

I arkipelet finst seks av dei 30 største øyane i verda. Baffinøya er den største, på storleik med Spania. Mellom øyane ligg store sund, område som andre stader i verda ville blitt karakteriserte som hav. Sunda utgjer ulike ruter av den historiske Nordvestpassasjen.

Øygruppa dekker eit enormt område. Dei sørlegaste øyane, inst i Hudsonbukta, ligg på høgde med London. Det nordlegaste punktet er ca. 750 kilometer frå Nordpolen. Avstanden aust-vest er om lag 2 750 kilometer.

Dei store austlege øyane i arkipelet er fjellrike, med toppar på over 2 000 moh. Dei høgareliggande områda på desse øyane er normalt dekte av is, denne utgjer 75 % av all is og breis i Canada, og 1/3 av landisen i verda, bortsett frå på Grønland og i Antarktis. Dei austlege øyane inkluderer òg den nordlege delen av det kanadiske skjoldet, som i nokre område består av flattliggande stein frå paleozoikum (251-542 millionar år gammal).

Dei nordlege og vestlege områda av arkipelet, der dei mest vesentlege er Dronning Elizabeth-øyane, består av yngre, sterkt folda sedimentære bergartar som har danna nokre fjellområde på Axel Heibergs land, Devonøya og Ellesmereøya.

Dei sentrale og vestlege øyane er generelt flate, mindre enn 200 moh., og består av sedimentær stein frå kambrium til kenozoikum.

Den geologiske variasjonen har laga eit mangfald av ulike typar landskap: taggete fjellrekker, djupe fjordar mellom høge fjell, høglands- og låglandssletter. Området er rikt på mineral, m.a. gull og diamantar, medan ein har funne olje og gass i område med sedimentær stein. Det er òg funne kol i nokre område.

I sunda mellom øyane varierer havdjupna mellom 100 og 600 meter. Kontinentalsokkelen når djupner frå 550 meter i vest til 200 meter i aust. Den dominerande straumretninga er frå Nordishavet gjennom Naressundet og vidare austover gjennom Lancastersundet.

Dei største øyane[endre | endre wikiteksten]

Namn Territorium* Areal (km²) Areal rangering Folketal

(2001)

Verda Canada
Baffinøya NU 507 451 5 1 9 563
Kitlineq (Victoria Island) NT, NU 217 291 8 2 1 707
Ellesmereøya NU 196 236 10 3 168
Banksøya NT 70 028 24 5 114
Devonøya NU 55 247 27 6 0
Axel Heibergs land NU 43 178 32 7 0
Mjølvilleøya NT, NU 42 149 33 8 0
Salliq (Southampton Island) NU 41 214 34 9 718
Prince of Wales Island NU 33 339 40 10 0
Somersetøya NU 24 786 46 12 0
Bathurstøya NU 16 042 54 13 0
Prince Patrick Island NT 15 848 55 14 0
Qikiqtaq (King William Island) NU 13 111 61 15 1279
Ellef Ringnes' øy NU 11 295 69 16 0
Bylotøya NU 11 067 72 17 0

NT = Nordvestterritoria, NU = Nunavut

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Talet på plantearter minkar betrakteleg nord for fastlandet i Canada. Det finst ikkje tre eller skog på øyane. I staden dominerer vegetasjon som er typisk for tundra: dvergbuskar, gras, mose og lav. Det finst om lag 270 artar av karplantar, 325 artar av mose, 100 artar av levermose og 550-600 artar av lav.

Talet på dyrearter minkar òg nord for fastlandet. Det finst rundt 20 artar av pattedyr på øyane, i små tal. Øyane er habitat for peary-karibuen, den minste av karibu-artane. Andre pattedyr på øyane er moskusfe, fjellrev, arktisk ulv, lemen og polarhare. Om sommaren held meir enn 60 fuglearter til i arkipelet, men berre 6 av desse overvintrar. Havområda rommar artar som isbjørn, kvalross og ulike kval- og selartar, mellom anna narkval og kvitkval.

Av insekt finst rundt 700 artar i arkipelet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

På dei nordlegaste øyane er det mørketid 3-4 månader om vinteren, og midnattssol 3-4 månader om sommaren. Gjennomsnittleg årstemperatur ligg på rundt –20°C i nord og –6°C sør på Baffinøya. Sommartemperaturen stig over frysepunktet berre i eit par månader. Nedbørsmengdene er små, frå 400 mm årleg sør på Baffinøya, til 100 mm sentralt på Ellesmereøya. Dronning Elizabeth-øyane blir rekna som polar ørken, med mindre enn 150 mm årleg nedbør. Heile området er dekt av permafrost, opptil 550 meter djup. Eit meter-tynt lag tiner om sommaren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det kanadiske polararkipelet har vore folkesett av inuittar og føregangarane deira i rundt 4 000 år. Det bur framleis inuittar her, spreidd langs kysten av øyane. Det har vore kontakt mellom dei grønlandske og dei kanadiske inuittane. Dei hadde òg kontakt med norrøne folk som budde i Grønland i mellomalderen. Den europeiske utforskinga av området byrja for alvor seint på 1500-talet. Martin Frobisher, John Davis, William Baffin og Robert Bylot drog på ulike ekspedisjonar for å leita etter Nordvestpassasjen. Mange geografiske særdrag i området er oppkalla etter dei.

Det blei gjort fleire forsøk på å finna Nordvestpassasjen fram til byrjinga av 1900-talet, då Roald Amundsen lykkast med forsøket sitt.

Canada byrja å fokusera meir på området i 1940- og 1950-åra, og skipa vêrstasjonar og basar for militær overvaking her. Øyane blei òg systematisk kartlagde. Det meste av den ikkje-inuittiske folkesetnaden her består av offentlege tenestefolk og militære.

I 1999 blei mesteparten av øygruppa del av det nye territoriet Nunavut (som tyder «landet vårt»). Dette gav inuittane større grad av sjølvstyre.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]