Jan Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Lunde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1889
Død

30. august 1963 (74 år)
Lørenskog

Yrke illustratør, teikneserieskapar

Jan Lunde (18. januar 188930. august 1963) var ein norsk teiknar. Han var den første store norske teikneserieskaparen. Lunde var stort sett sjølvlærd. Etter råd frå Jens R. Nilssen satsa han som teiknar på heiltid. Etter å ha teikna i humorbladet Tyrihans, starta han sitt eige blad, Strips, saman med mellom anna Rolf Kluge. Frå 1922 var han tilsett som teiknar i Bladkompaniet.

I Strips starta han teikneserien Pappa og Pjokken. Det var i 1917. For Bladkompaniet laga han teikneseriane Skomaker Bekk og Tvillingene, Norske Folkeeventyr, Dimpen og Dumpen og Den usynlige og hans hund. Han arbeidde med alle desse seriane på same tid over fleire år. I 1937 laga han serien Hansen, og i 1955 overtok han Haukepatruljen etter Jens R. Nilssen.

Teikneseriane til Jan Lunde er realistiske, men teikningane kan vere noko enkle, stive og stilleståande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. H.W.Isachsen side 22