Jawbat Burghal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°29′19″N 36°10′36″E
Jawbat Burghal
جوبة برغال
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Qardaha-distriktet
Nahiyah Jawbat Burghal
Koordinatar 35°29′19″N 36°10′36″E
Folketal 959 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Jawbat Burghal (arabisk جوبة برغال) er ein by nordvest i Syria i Latakia guvernement, aust for Latakia i an-Nusayriyah-fjella. Av stader i nærleiken finn ein Qardaha, al-Fakhurah, Istamo og Shatha. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Jawbat Burghal eit folketal på 959 i 2004.[1]

Landsbyen var fødestaden og basen til den kontroversielle syriske leiaren, Sulayman al-Murshid. Al-Murshid vart oppfordra av styresmaktene i det franske mandatet til å opprette ei ny sekt, og gjorde Jawbat Burghal til basen sin der han vart ein forslagsstillar for alawittisk sjølvstende. Han fekk buskap frå følgjarane sine og bygde ein vestleg villa i byen. Etter sjølvstendet til Syria, slo dei sentrale syriske styresmaktene i Damaskus ned på separatistrørsler, inkludert Murshid. Han overgav seg til styresmaktene etter ein kort konfrontasjon med den syriske hæren ved hovudkvarteret sitt. Sulayman al-Murshid vart avretta på eit offentleg torg i Damaskus for forræderi i november 1946.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Seale, Patrick (1990). Asad: The Struggle for the Middle East. Universitetet i California Press. s. 21. ISBN 9780520069763.