Jean Desforges
| Jean Desforges | |
| Statsborgarskap | Storbritannia |
| Fødd | 4. juli 1929 London Borough of Newham |
| Død | |
| Yrke | sprintar, friidrettsutøvar |
| Språk | engelsk |
| Høgd | 171 centimeter |
| Ektefelle | Ron Pickering |
Jean Catherine Desforges, gift Pickering, (4. juli 1929–25. mars 2013) var ein britisk friidrettsutøvar frå London som deltok i ei rad øvingar; sprintløp, hekkeløp, lengdehopp og femkamp. Ho vann EM-gull i stafett i 1950 og i lengdehopp i 1954.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Desforges vart nummer fem i 80 m hekk i europameisterskapen 1950 i Brussel, og sprang ein etappe for Storbritannia sitt vinnarlag på 4x100 meter stafett. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors vann ho ein bronsemedalje i lag med Sylvia Cheeseman, Heather Armitage og June Foulds, bakom gullmedaljørane frå USA og sølvlaget Tyskland. I 80 meter hekk vart ho som i EM 1950 nummer fem.
År 1954 i Bern vart Desforges europameister i lengdehopp med eit hopp på 6,04 meter, elleve centimeter framom Aleksandra Tsjudina frå Sovjetunionen.
Tida 1949-54 vann ho åtte britiske meistertitlar i høvesvis 80 m hekk, lengdehopp og femkamp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jean Pickering» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.