Jedburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jedburgh

skotsk-gælisk
skotsk
Deadard
Jedart eller Jethart
Mercat Cross frå Castle Hill
Mercat Cross frå Castle Hill
Mercat Cross frå Castle Hill
Plassering
Jedburgh is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Scottish Borders
Tradisjonelt grevskap Roxburgh, Ettrick and Lauderdale
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 090
Koordinatar 55°29′″N 2°33′″WKoordinatar: 55°29′″N 2°33′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TD8
Telefon-retningsnummer 0 1835
Commons har multimedium som gjeld: Jedburgh

Jedburgh (skotsk Jedart eller Jethart) er ein by i regionen Scottish Borders i Skottland. Han har kring 4000 innbyggjarar. Han ligg ved Jed Water, som er ein sideelv til Teviot, omkring 16 km frå grensa til England. Byen er prega av dei store ruinane etter Jedburgh Abbey. Byen har gjennom historia vore utsett for ei rekkje trefningar i grensestridar mellom Skottland og England.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vart grunnlagt ei kyrkje i Jedburgh på 800-talet, og David I av Skottland grunnla eit augustinarkloster der mellom 1118 og 1138, med munkar frå Beauvais i Frankrike. Jedburgh Abbey vart grunnlagt i 1147. Han vart øydelagt under grensekrigar på 1500-talet.

Den djupt religiøse kongen Malcolm IV døydde i Jedburgh i 1165, berre 24 år gammal. Han skal ha døydd på grunn av overdriven fasting.

David I fekk òg grunnlagt eit slott i Jedburgh, og i 1174 var det ein av fire grensefestningar som vart overlevert til England. Han vart til tider brukt som kongeleg residens av den skotske monarken, men vart teken av engelskmennene så ofte at han tilslutt vart øydelagt, i 1409, då han var det siste engelske støttepunktet i Skottland.

I 1258 fekk Jedburgh igjen kongeleg merksemd, då forhandlingar mellom Alexander III av Skottland og Henrik III av England om arveretten til den skotske trona vart ført der. Alexander III gifta seg i Jedburgh Abbey i 1285.

Dronning Maria av Skottland budde i eit hus i byen i 1566; det er no innreidd som museum. I 1745 passerte ein jakobitthær gjennom byen, leia av prins Charles Edward Stuart, og han budde i same hus. Castle Jail vart opna i 1823.

Jeddart Justice er eit uttrykk som refererer til tilfelle der ein person først blir hengt og stilt for retten etterpå; det skal ha oppstått frå ei sak der ein kriminell bande vart hengt først, og så fekk domane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]