Jelena Romanova
Jelena Romanova | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 20. mars 1963 Voronezj |
Død |
28. januar 2007 (43 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Idrettens mester i Sovjetunionen |
Jelena Nikolajevna Romanova, fødd Malikhina, (20. mars 1963–28. januar 2007) var ein friidrettsutøvar frå Nesjenskoje i Voronezj oblast som representerte Sovjetunionen og seinare Russland på mellom- og langdistansane. Ho vart europameister på 3 000 meter i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter i 1992.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Romanovas fyrste internasjonale meisterskap var VM 1987 i Roma der ho vart nummer fem på 5 000 meter og braut 10 000 meter. I Sommar-OL 1988 i Seoul kom ho på fjerdeplass på 3 000 meter med tida 8.30,4, hennar personlege rekord på distansen.
Romanova tok steget heilt til topp ved EM 1990 i Split, då ho vann milløpet på personbeste 31.46,8, og tok sølvmedaljen på 3 000 meter. Også under VM 1991 i Tokyo sprang ho inn til sølv på 3 000 meter, bak landskvinna Tatjana Samolenko. Året etter var rollene omsnudd ved OL 1992 i Barcelona, i finalen slo ho Samolenko i spurten og vann gullmedaljen. Seinare vart Romanova nummer seks både på 3 000 m ved VM 1993 i Stuttgart, og på 5 000-meteren under OL 1996 i Atlanta.
Romanova vart funnen død i husværet sitt i Volgograd i januar 2007.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1987 i Roma: Nr 5 på 3 000 m – 8.41,7, braut 10 000 m-kvalifiseringa
- OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 3 000 m – 8.30,4
- EM 1990 i Split: Gull på 10 000 m – 31.46,8, sølv på 3 000 m – 8.43,6
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 3 000 m – 8.36,0, braut 10 000 m
- OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje på 3 000 m – 8.46,0, framom Tatjana Samolenko (8.46,8)
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 på 3 000 m – 8.39,6
- OL 1996 i Atlanta: Nr 6 på 5 000 m – 15.14,0
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jelena Nikolajewna Romanowa» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2016.
- «Yelena Romanova» (engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1963
- Døde i 2007
- Russiske mellomdistanseløparar
- Russiske langdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for SUS
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996