Tatjana Samolenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatjana Samolenko


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 12. august 1961 (62 år)
Orenburg oblast
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Tatjana Vladimirovna Samolenko, fødd Khamitova og ei tid gift Dorovskikh (fødd 12. august 1961), er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen, til sist Ukraina. Frå 1986 til 1992 høyrde ho med i verdseliten på 1500 meter og 3 000 meter. Ho vann til saman tre gullmedaljar i verdsmeisterskapane 1987 og 1991 og vart olympisk meister på 3 000 m i 1988.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Samolenko fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1986-sesongen med sølv på 1500 m ved friidretts-EM i Stuttgart, klart slått av landskvinna Ravilja Agletdinova og hårfint framom Doina Melinte frå Romania. Vinteren 1987 vann ho 3 000 m ved innandørs-VM i Indianapolis. Og under verdsmeisterskapen i Roma i byrjinga av september 1987 vart ho dobbeltmeister. Fyrst sigra ho på 3 000 meter, sju tidels sekund føre rumenske Maricica Puică, og sidan sette ho meisterskapsrekord med 3.58,5 på 1500 m, hardt pressa av austtyske Hildegard Körner som fekk notert 3.58,6.

I dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul tok Samolenko gullmedaljen på 3 000 meter, etter å ha vunne spurten mot rumenske Paula Ivan, og ho fekk bronsemedaljen på 1500 meter. Etter å ha vorte mor i 1990 kom ho tilbake og vann 3 000 meter framfor Jelena Romanova ved VM 1991 i Tokyo, før ho sikra seg sølvmedaljen på 1500 meter, der einast Hassiba Boulmerka frå Algerie vart for sterk. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona bytta ho og Romanova plass på sigerspallen etter 3 000 m, Romanova kom då fyrst i mål og Samolenko-Dorovskikh vart sølvmedaljør. Trass i personleg rekord med 3.57,9 på 1500 m enda Dorovskikh på fjerdeplassen i siste OL-løp.

Doping[endre | endre wikiteksten]

1993 vart Tatjana Dorovskikh teken for doping og stengd ute[1] i to år. Ho kom aldri tilbake på friidrettsbana.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 1500 m – 4,02,3, nr 5 på 3 000 m – 8.40,3
  • VM 1987 i Roma: Gullmedaljar på 1500 m – 3.58,5, og 3 000 m – 8.38,7
  • OL 1988 i Seoul: Gull på 3 000 m – 8.26,5, og bronse på 1500 m – 4.00,3
  • VM 1991 i Tokyo: Gull på 3 000 m – 8.35,8, og sølv på 1500 m – 4.02,5
  • OL 1992 i Barcelona: Sølv på 3 000 m – 8.46,8, bak Jelena Romanova (8.46,0), nr 4 på 1500 m – 3.57,9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]