Jelena Välbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jelena Välbe
Elena Vaelbe by Ivan Isaev from Russian Ski Magazine crop.jpg
Fødd 20. april 1968
Magadan
Yrke langrennsløpar, trener
Jelena Välbe på Commons

Jelena Välbe (fødd Jelena Valerjevna Trubitsyna24. april 1968) er ein russisk tidlegare langrennsløpar frå Magadan i Sibir, som tevla for Sovjetunionen og Russland. Ho var den fremste utøvaren i internasjonal kvinnelangrenn på 1990-talet, og vann ti individuelle gullmedaljar og fire stafettgull i ski-VM tida 1989-97, samt tre OL-gull i stafett. I alt vann ho 23 medaljar i ulike VM og vinter-OL i perioden 1989-98. Frå 1989-sesongen til 1997-sesongen var Välbe alltid mellom dei tre beste i verdscupen i langrenn og gjekk heilt til topps fem gongar; 1989, 1991, 1992, 1995 og 1997. Ho sigra i 45 renn i verdscupen. Under Ski-VM 1997 i Trondheim sette Välbe ein fantastisk rekord ved å vinne fem gullmedaljar av fem moglege.

I 1992 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.

Jelena Välbe har sidan 2010 vore leiar av Russlands Langrennsforbund.

OL- og VM-medaljar[endre | endre wikiteksten]

OL[endre | endre wikiteksten]

VM[endre | endre wikiteksten]

  • Lahtis 1989: gull på 10 km fristil og 30 km fristil, sølv på stafetten
  • Val di Fiemme 1991: gull på 10 km fristil, 15 km klassisk og stafetten, sølv på 30 km fristil
  • Falun 1993: gull på 15 km klassisk og stafetten
  • Thunder Bay 1995: gull på 30 km fristil og stafetten, sølv på 15 km klassisk
  • Trondheim 1997: gull på 5 km klassisk, 15 km jaktstart, 15 km fristil, 30 km klassisk og stafetten
  • 14 gull, 3 sølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar