Jelling

Koordinatar: 55°45′20.567″N 9°25′9.8508″E / 55.75571306°N 9.419403000°E / 55.75571306; 9.419403000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°45′20.567″N 9°25′9.8508″E / 55.75571306°N 9.419403000°E / 55.75571306; 9.419403000

Jelling
Land  Danmark
Folketal 3 370 (2014)
Kart
Jelling
55°45′21″N 9°25′10″E / 55.7558°N 9.4194°E / 55.7558; 9.4194
Wikimedia Commons: Jelling

Jelling er ein by i Vejle kommuneJylland som ligg om lag 10 km nordvest for Vejle.

I Jelling er det ein gamal, heiden kultstad med to store gravhaugar og restar av ei skipssetting (det vil seie to radar av reiste stein som markerer konturene av eit skip, sett ovanfrå) som ein reknar med vart endra og omgjort til ein kristen heilagstad av kong Harald Blåtann. Arkeologiske granskingar gir grunn til å tru at han bygde ei etter måten stor trekyrkje (stolpekyrkje) mellom gravhaugane og flytta liket av den heidne faren sin, Gorm den gamle, frå eit gravkammer i den eine av dei to gravhaugane og over til eit gravkammer under kyrkja, og på den måte la denne heidne kultstaden under kristent kyrkjeleg og kongeleg herredøme. Ei kyrkje i stein frå mellomalderen står no på staden for kong Harald Blåtanns trekyrkje og dei etterfylgjane trekyrkjene som arkeologane fann spora etter.

Jelling er mellom anna kjend for runesteinane sine. (Foto: Jürgen Howaldt)

To vidgjetne runesteinar, Jellingsteinane, står innanfor dette gamle kultområdet. Den eine av dei, den såkalla vesle Jellingsteinen, er reist om lag år 950 av kong Gorm den gamle til minne om hustrua hans, Thyra. Den andre, den såkalla store Jellingsteinen, er reist av sonen til kong Gorm, kong Harald Blåtann. Steinen er noko for seg sjølv ved å ha tre sider, der det på den eine sida er ein runetekst ordna i vassrette liner som i ei bok. Teksten held fram med ei line på kvar av dei to andre sidene, under eit bilete av eit stort dyr på den eine av sidene, og under ei særeigen framstilling av Kristus i krossfestingsstilling utan krossen, men omslynga av ormeliknande band, på den siste sida. Av runeteksten går det fram at steinen er reist som eit minne over dei døde foreldra til kong Harald Blåtann, Gorm og Thyra, men vel så viktig er det at teksten òg er ei klår fråsegn frå kong Harald om at han hadde samla Danmark og gjorde danane kristne, og dessutan lagt Noreg under seg. På grunn av fråsegna om kristninga av danane, er steinen blitt kalla Danmarks «dåpsattest».

Denne heilagstaden, Jellingmonumenta, står i dag på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Jelling kommune har om lag 5 700 innbyggjarar (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jelling