Harald I av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Blåtann (Gormsson)

Haraldius Blaatand, Rex Daniæ
Kobberstikk av Albert Haelwegh (1620--1673)
Konge av Danmark
Regjeringstidca. 958/964-ca. 985/987
Fødd911
FødestadDanmark
Død985, 986 eller 987
DødsstadJumne (Wollin)
GravstadRoskilde
FøregangarGorm den Gamle
EtterfølgjarSvein Tjugeskjegg
Gift medGunhild, Tove, Gyrid
Gift medGunhild, Tove av Danmark, Gyrid Olavsdatter
DynastiJellingdynastiet
FarGorm den gamle
MorTyra Danebod
BornHåkon, Svein, Tyra,
Hiring (Hring)

Harald I av Danmark eller Harald Gormsson, med tilnamnet Blåtann, var konge i Danmark. Han kan ha blitt fødd litt før år 925[Note 1], regjerte truleg ei tid saman med faren, Gorm den Gamle, og var konge aleine frå om lag 958/964 til han døydde i 985, 986 eller 987.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Far til Harald var den danske kongen Gorm den Gamle[1] som er rekna som grunnleggaren av Jelling-dynastiet i Danmark, Mor hans var Tyra[2] med tilnamnet «Danebod»[3][Note 2].

Sogene nemner at han hadde ein bror, Knut Gormsson[Note 3], som var far til Gull-Harald, og ei syster, Gunhild Kongemor, som vart gift ned Eirik Blodøks og var mor til sønene hans, Gunhildssønene. To runesteinar ved Hällestad kyrka[4] [5] blir rekna som prov på at han òg hadde ein bror som vart kalla Toke Gormsson (tolkinga er uviss).

Han skal ha hatt fleire koner:

Ei runeinnskrift på «Søndre Vissing-sten 1»[6] blir rekna som prov på at Harald var gift med Tove (Tófa), dotter til den obodtrittiske kongen Mistivoj.
Saxo Grammaticus[7] opplyser at han var gift med Gyrid, ei svensk kongsdotter og syster til Styrbjørn Sterke (Olavsson).
Adam av Bremen nemner, med kong Svein Estridsson som kjelde, at han var gift med Gunhild[8].

Dei ymse kjeldene opplyser at han hadde mange born, desse er nemnde:

Håkon som iflg Saxo Grammaticus herska i «Sembernes land» (Zemlandsky-halvøya ved Kaliningrad).
Svein, med tilnamnet Tjugeskjegg, dansk og engelsk konge.
Tyra, som skal ha blitt gift med den svenske kongssonen Styrbjørn Sterke (Olavsson), og seinare med kong Olav Trygvason.
Gunhild (Gunhilda), som miste livet i massakren St. Brictiusdagen, 13.11.1002, i England.

Adam av Bremen[9] nemner òg at han skal ha hatt ein son som heitte Hiring (kanskje ei forvansking av namnet Hring).

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Framsida av
Harald Blåtanns gullskive.

På Jellingsteinen (sjå ill.) er namnet hans rissa inn med runeteikna ᚼᛅᚱᛅᛚᛏᚱ ᛬ ᚴᚢᚾᚢᚴᛦ, som kan lesast som haraltr : kunukʀ, og som på norrønt blir: Haraldr konungr (I latinske kjelder: Haraldus Gormonis filius).

I Heimskringla og i dei fleste norrøne kongesogene, blir han kalla Harald Gormsson, men i sogeverket Ågrip[10] er han nemnt som Haraldz blatannar og i Knytlingasoga[11] er han nemnt som Haraldr konúngr blátönn. I den eldste danmarkssoga, Roskildekrønika (Chronicon Roskildense)[12][13] som vart nedskriven på latin omkring 1140, er han nemnt som HARALD BLATAN eller CLACHARALD. I Danmark blir han kalla Harald Blåtand og i England Harald Bluetooth.

Den mest vanlege forklaringa på tilnamnet, er at kong Harald må ha hatt ei uvanleg stor og svart tann (den norrøne ord-lekken blá tyder blå eller svart), men tydinga er usikker.

Det er uvisst om han vart omtala med tilnamnet «Blåtann» medan han levde. Ei gullskive som blir kalla The Curmsun disk[14] (Harald Blåtanns gullskive), vart funne i 1841 i krypta av ein kyrkjeruin i landsbyen «Wiejkowo» i Polen. Staden ligg like aust for elva Dziwna, og i næleiken av der ein trur at byen Jumne låg i norrøn tid. Ein reknar med at skiva vart laga i kong Harald si levetid (eller om lag då han døydde), og teksten på skiva kan lesast slik: «Harald Gormsson, konge over Danmark og Skåne, frå JUMNE i bispedømet Oldenburg».[Note 4]

Funnet gir ein indikasjon på at tilnamnet «Blåtann» ikkje var i bruk medan han levde. Samstundes tyder funnstaden på at han hadde ei særs knyting til Jumne, oftast lokalisert til byen Wolin, som ligg berre få kilometer frå Wiejkowo.

Kommunikasjonsprotokollen Bluetooth fekk i 1997 namnet sitt etter kong Harald Blåtann[15] og Bluetooth-logoen er samansett av runeteikna for initialane hans, H () og B ().[16]

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Runestein i Jelling[2]. Inskripsjonen kan tydast slik: Kong Harald let gjere desse kumler etter Gorm, sin far, og etter Thyre, sin mor, den Harald som vann seg heile Danmark og Noreg og gjorde danane kristne.(feb 2004)
Dei to Jellingsteinane. Den minste er minnesteinen over Tyra Danebod, mor til kong Harald Blåtann.
Vikingborga Aggersborg på nordsida av Limfjorden, er datert til omkring år 980.

I Knytlingasoga[17] blir det sagt at Harald Blåtann var konge i tretti år i faren si levetid og i femti år etter at faren var død[Note 5]. Opplysningane er opplagt feil, men han kan ha fått kongsnamn alt omkring år 954[Note 6], då i ein alder av omkring 30 år, og han kan såleis ha fungert som dansk konge i omkring 35 år.

Han var ein særs aktiv og resurssterk konge og var uten tvil både klok og mektig. Han førte mange krigar, både i Noreg, i Normandie og mot saksakeisaren Otto II. I «Beretningen om Hamburg stift» nemner Adam av Bremen[9] at han skal òg ha sendt ei hær for å erobre England og i «Danmarks krønike» opplyser Saxo Grammaticus [7] at han, i tida før faren døydde, hadde herja med ein vikingfåte i austerveg.

I hans kongstid vart det bygt mange store anlegg som i dag er mellom dei viktigaste minnesmerka frå norrøn tid i Skandinavia, mellom andre dei store ringborgene[18] Trelleborg i Slagelse, Nonnebakken ved Odense, Fyrkat ved Hobro og Aggersborg på nordsida av Limfjorden. Den sistnemnde er rekna for å ha vore den største vikingborga i Nord-Europa og er om lag 360 m i diameter og inneheld tuftene etter 48 store langhus. Trelleborga i Skåne[19], som den gongen var dansk, er frå den same tidsepoken. Brua i Raving Enge[20], opphavleg om lag 760 m lang, var eit framståane ingeniørarbeid som ein reknar med vart utført omkring år 980[Note 7].

Jelling og Roskilde[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske granskingar[21] viser at hovudsetet til kong Harald Blåtann må ha vore i Jelling, ikkje langt frå VejleJylland. Utgravingane viser at ein enorm palisade[22] på 1,4 kilometer, oppført i år 968, omkransar det som ein reknar med var kongsgarden. Byen har ei mengd med historiske minnesmerke[Note 8], mellom andre to store gravhaugar, restar av ei stor skipssetjing[23] av kampesteinar, Jelling kyrkje og ikkje minst dei to Jellingsteinane[24]. Ein trur at Harald på eit tidspunkt flytta hovudsetet sitt til Roskilde, turleg mest av militære årsaker. I Roskilde reiste han ein kyrkje av tre.[25]

Dei tidlegaste danske myntane vart prega av kong Harald Blåtann, truleg i Jelling (eller i Hedeby). Det er gjort funn av nokre få sølvmyntar av type «halvbrakteat», òg kalla Harald Blåtann sin «kors-mynt»[26]. Nokre eksemplar av mynten vart seinast funne i 2015 i den såkalla «Omøskatten» på øya Omø [27] ved Storebelt.

Normandie[endre | endre wikiteksten]

Så tidleg som i åra 941-942 kom Harald Blåtann til Normandie med ein flåte på 60 skip[28]. Han okkuperte Cherbourg og skal etter kvart ha okkupert Basse-Normandie og skal ha blitt godt motteken Vilhelm Langsverd[Note 9] , som då var hertug av Normandie (Kva som var formålet med ekspedisjonen, er uvisst).

I åra 945 og 946 var det Rikard I (Rikard den uredde) som var hertug, og då var Harald Blåtann på nytt i Normandie. Det var viking-jarlen «Bernard den danske» (Bernard le Danois) som hadde bedt om hjelp til å forsvare hertugdømet mot åtak frå den franske kongen Ludvig IV (òg kalla Louis d’Outremer) og hertug Hugh den store (Hugh the great). Innan 947 greidde dei, saman med normanniske og andre norrøne styrkar, å drive kong Ludvig ut av Rouen og gjenerobre Normandie.

Det ser òg ut til at Harald Blåtann nok ein gong kom til Normandie, omkring 962. Då var det Theobald (Thribault), hertug av Blois, som freista å innvadere Rouen, og dei danske styrkane var òg denne gongen med på eit velluka forsvar av hertugdømet.[Note 10]

Herskar over Noreg[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Fitjar (om lag 961), der Håkon den gode fekk banesår. Teikning av Christian Krohg (1899)

Dei norrøne kongesogene gir ei lite truverdig skidring av dei politiske tilhøva i Noreg, i tida etter at Eirik Blodøks reiste frå landet omkring 935. Rett nok låg Eirikssønene, først og fremst Harald Gråfell, i strid med Håkon den gode (Adalsteinsfostre)[Note 11] om herredømet over det riket Harald Hårfagre hadde styrt på vestlandet, og dei var i konflikt med ladejarlane som herska over områda frå Møre og nordover. Men utan tvil var erobringspolitikken til Eirikssønene støtta av Harald Blåtann som på denne tida, saman med faren, Gorm den gamle, hadde byrja å samle det danske kongedømet og var meint på å legge Noreg under sitt herredøme.

I det latinske sogeverket Historia Norwegiæ[29] blir det sagt at kona til Eirik Blodøks var Gunhild, dotter til danekongen «Gorm den Tullute» (den heimske) og «Tyre den Kloke», og ho var dermed syster til Harald Blåtann. Den danske kong Gorm var dermed morfar til sønene hennar, oftast kalla Gunhildssønene, og dette er bakgrunnen for at Harald Blåtann gjorde gjeldande krav på Noreg. Han sende ein dansk flåte på 60 skip til det avgjerande slaget ved Fitjar omkring år 961, der Håkon den gode fall, og deretter vart Harald Gråfell[Note 12] innsett som norsk lydkonge med Harald Blåtann som overkonge[30].

Håkon jarl blir dansk undersått[endre | endre wikiteksten]

Håkon jarl ligg til sengs og grundar. Teikning av Christian Krohg (1899)

Etter ei tid vart kong Harald Blåtann misnøgd med framferda til Harald Gråfell og tykte at han var blitt for råderik. Litt før år 970 hende det at ladejarlen, Håkon jarl den mektige, måtte røme frå Noreg etter ein strid med Gunhildssønene, og Snorre[31] skreiv at han fór til Danmark, der han vart godt motteken av kong Harald Blåtann. Dei hadde då sams interesse av å bli kvitt Harald Gråfell.

Kong Harald Blåtann hadde på denne tida eit problem med brorsonen, han dei kalla Gull-Harald, som hadde teke til å gjere krav på å bli konge i Danmark. Kong Harald og Håkon jarl sette då i verk ein finurleg plan som medførte at kong Harald Gråfell vart lokka til Danmark, der han vart drepen av Gull-Harald i eit slag i Limfjorden, og deretter la Håkon jarl til slag mot Gull-Harald og drap han. I nyare, norsk historieskriving er dette samarbeidet mellom Harald Blåtann og Håkon jarl, omtala i særs negative ordelag. Særleg blir Håkon jarl skildra som ein ram heidning, «full av ilske og svik, ein kar som ikkje stygdes ved noka lygn eller illgjerd…»[32]. Kva låg til grunn ein slik karakterisitkk? Eit «svik» og eit bakhaldsåtak, kanskje, men knappast den største illgjerninga i norrøn tid. At Harald Gråfell stutt tid i førevegen hadde gjort ei svikefull semje med Grjotgard Håkonsson (Håkon jarl sin farbror) og ei natt hadde kome i løynd inn til Oglo og hadde brent inne Sigurd Håkonsson jarl og alle mennene hans; dét var visstnok ikkje ei illgjerning som var særs nemnande!

Sidan baud kong Harald Blåtann ut ei stor hær og med 600 skip segla han og Håkon jarl til Noreg og la under seg landet. Om dette er det nemnt i Fagrskinna[33], side 70. Etter denne tida herska kong Harald Blåtann over Noreg; fylka i Vika (aust for Lindesnes) vart verande dansk skattland[Note 13], men styringa med resten av riket gav han til Håkon jarl, som no vart danskekongen sin undersått. Mest truleg var det etter dette at Harald Blåtann let reise runesteinen som blir kalla «Jellingstein 2»[2] der inskrifta inneheld desse orda: «..den Harald, som vann seg heile Danmark og Noreg ...».[Note 14]

Harald Blåtann sitt herredømme over Noreg enda reelt sett stutt tid etter 974, då Håkon jarl sa seg fri frå dansk styre. Truleg vart Harald Blåtann aldri formelt innsett som norsk konge. Dersom han skal reknast med i den norske kongerekka, må det bli som overkonge i tida frå 960, då Harald Gråfell vart underkonge, til om lag 975[34].

Slaget ved Danevirke[endre | endre wikiteksten]

Otto II, tysk-romersk keisar i tida 973-983

Adam av Bremen[35] fortel om krigen mellom Harald Blåtann og den tysk-romerske keisaren Otto II (955-983). Det kan sjå ut til at Harald Blåtann hadde gått til krig mot saksiske folkeslag sør for Hedeby, og det var ventande at keisar Otto skulle ta hemn og gjere åtak på Danmark. Det var ved dette høvet at kong Harald bad om assistanse frå Noreg, og våren 974 kom Håkon jarl til Danmark med ein stor styrke. Han vart sett til å forsvare Danevirke, grensevollen som strekte seg om lag 30 km vest for Hedeby. Skalden Einar Skålaglam nemnde om dette i diktet «Vellekla»[36]:

Ok við frost at freista
fémildr konungr vildi
myrk- Hlóðynjar -markar
morðalfs, þess’s kom norðan,
þás valserkjar virki
veðrhirði bað stirðan
fyr hlym-Njǫrðum hurða
Hagbarða gramr varða.
Og Jyllands gåvmilde konge
ville prøve krigaren
som ved vinters tid
nordanfrå var komen,
den gongen kongen baud
den ubøyelege krigar
å verje (Dane)virke
mot fiendehæren

Om sumaren gjorde keisar Otta åtak mot vollen, og skalden nemner at sør frå kom det «skarer av Friser, Franker og Vender»[Note 15]. Der fekk Håkon jarl ein stor siger og framgangen til keisar Otto vart stogga. I Vellekla seier skalden at «sjøhelten jaga saksarane på flukt»[Note 16]. Håkon jarl tykte då at oppgåva hans var løyst og han drog styrkane sine attende, og ut av krigen. Men etter ei tid gjekk keisar Otto på nytt til åtak mot Danmark. Han brende Danevirke og inntok handelsbyen Hedeby, og styrkane hans invaderte til sist landet.

Danmark vart ved dette høvet på eit vis annektert av keisar Otto, men erobringa fekk etter alt å døme ikkje større konsekvensar for kong Harald. Adam av Bremen skreiv at han «vart keisar Otto sin undermann og mottok sitt rike frå han». Snorre skreiv[37] at «han (keisar Otto) og danekongen skildes som vener».

Elitekrigarane i Jumne (Jomsborg)[endre | endre wikiteksten]

Minnestein (frå nyare tid) i Wolin, med inskrift på polsk og dansk: Den danske konge Harald Blåtand døede i Wolin i år 986.

Saxo Grammaticus[7] skriv at Harald erobra landet til slavarane med våpenmakt og laga ei sterk befestning i «Julin», som var den største byen der i landet. Adam av Bremen nemner fleire stader «slaverbyen Jumne», og at kong Harald døydde der[8]. I det engelske kjeldeskriftet Encomium Emmae Reginae[38] (bok 1) blir det opplyst at kong Harald vart såra og rømde til slavarane, der han døydde.

Der er såleis mange av dei norrøne kjeldene, òg dei aller eldste, som indikerer at kong Harald Blåtann hadde eit særs tilhøve til ein by i «slavarland», dvs seie Vendland eller Polen i dag. Det blir òg rekna som truleg at kong Harald verkeleg etablerte ei «borg» der, som var base for ei gruppe med elitesoldatar. Lokaliseringa av «Jumne» eller «Julin», har til alle tider vore omdiskutert, men ein reknar med at den mest truverdige plasseringa må ha vore i nærleiken av byen Wolin[39] ved utløpet av elva Dziwna i Polen. Teorien er blitt styrkt av arkeologiske utgravingar i området, som viser at der har vore anlegg frå vikingtida[40].

I Fagrskinna[33] er det skrive (side 126): «Kong Harald Gormsson herjet i Vendland og lot gjøre en stor borg på det sted som heter Jom, og den er siden kalt Jomsborg. Han satte en høvding over den og fôr selv hjem til Danmark»[Note 17]

I andre av dei norrøne kjeldene frå 1100-talet og seinare, ikkje minst i Jomsvikingsoga[41] blir dene byen kalla «Jomsborg» og elitesoldatane «jomsvikingane». Både i eldre og nyare historieskriving, har soga om Jomsvikingane vore eit mykje brukt tema, særleg i samband med slaget i Hjørungavåg. Sentralt i skildringane er «Jomsvikingsoga» og diktet «Jomsvikingadråpa» av Bjarne Kolbeinsson. Det er likevel ikkje tvil om at mykje av stoffet i soga er å rekne som litterær fiksjon og har liten verdi som historisk kjelde.

Mange samtidige skaldar gjorde dikt om slaget i Hjørungavåg, og det er verd å merke seg at ikkje i nokon av dikta er nemninga «joms» nytta, men derimot skreiv dei om danske hærmenn (danir) og danske skip (dana skeiðar)[Note 18]. Soga, og skaldeversa, tyder likevel på at hærmenn frå Vendland verkeleg var med i den danske hærstyrken, og at dei var kong Harald sine elitekrigarar som kom frå Jumne. Namn som «Jomsvikingar» og «Jomsborg» var truleg ikkje i bruk på kong Harald si tid, og var litterære konstruksjonar, tillaga om lag to hundre år seinare.

Inskrifta på Harald Blåtanns gullskive (The Curmsun disc – sjå ovanfor) som inneheld namnet JVMN (JUMNE), er òg ein indikasjon på at kong Harald hadde ei sterk knyting staden.

Kristningskongen[endre | endre wikiteksten]

Inskrifta på den store runesteinen i Jelling[2] sluttar med orda: «…gjorde danane kristne.», og ein reknar difor kong Harald Blåtann som kristningskongen i Danmark. (Ingen stad er det nemnt noko om at han nytta vald og drap for å tvangskristne folket sitt, slik ein høyrer om dei norske kristningskongane.)

Då keisar Otto II erobra Danmark i 974, skal kong Harald ha lova å innføre kristendommen i heile Danmark. Adam av Bremen[35]skreiv at kong Harald ved dette høvet vart døypt, saman med både kona si, Gunhild, og sonen Svein, som i dåpen fekk namnet Sveinotto. Men Adam av Bremen skreiv òg ein annan stad[9] at kong Harald og heile hans folk, åtte år tidlegare, i 966, var blitt omvend til kristendommen av «en viss Poppo»[42]

I Roskildekrønika[13] blir det sagt at kong Harald var ein god ven av dei kristne og at han tok ved kristendommen, etter at faren, Gorm den Gamle, var død. Han skal ha medverka til at det vart oppretta bispeseter i Danmark og Skåne, men i så fall må det ha vore tale om misjonsbiskopar, sidan permanente bispesete i Danmark først vart etablert seinare[43], under kongane Svein Tjugeskjegg og Knut den store. Det blir opplyst at det var kong Harald som først bygde ei kyrkje på Sjelland, tidlegare kalla «Treenighedskirken i Roskilde»[44]. Dette var den første kyrkja på staden, truleg ei trekyrkje som vart oppført omkring 985. Seinare er fleire kyrkjer blitt bygt over den gamle og i dag står der Roskilde domkyrkje, som er teke opp på UNESCO si verdsarvliste. Den noverande kyrkja i Jelling[45] vart bygt omkring år 1100, men under kyrkja er det blitt funne spor etter fleire, eldre trekyrkjer, og ein trur at den eldste vart oppført av kong Harald Blåtann.

Faderdrapet[endre | endre wikiteksten]

Fleire av dei norrøne kjeldene fortel om korleis kong Harald Blåtann døydde, men med ulike, oftast lite truverdige versjonar. I dette høvet må ein legge stor vekt på skildringa til Adam av Bremen[8] (bok 2, kap.27 og 28); truleg hadde han opplysningane frå kong Svein Estridsson, som var oldebarnet til Harald Blåtann. Dei fleste kjeldene er i det minste samde om at det vart stor usemje mellom kong Harald og sonen Svein (Tjugeskjegg), og det enda med at Svein gjekk til krig mot sin eigen far. Kong Harald vart då sterkt såra og rømde ut av landet, medan Svein tok over som dansk konge. Det er usikkert om dette hende i 985 eller 986, før slaget i Hjørungavåg, eller seinare, i 987.

Harald Blåtann rømde til «slavarane», mest truleg til Jumne. Der døydde han av såret, og Adam av Bremen opplyser at dødsdagen var Allehelgensdag, som er 1. november. Liket hans skal ha blitt ført attende til Danmark og gravlagt i Roskilde, i den kyrkja som han sjølv hadde late bygge for «den hellige treenighed», der Roskilde domkyrkje står i dag.

Den katolske kyrkja reknar han som martyr og omtalar han som «Den hellige Harald Blåtann av Danmark».[46]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Harald Blåtann skal ha ført hærstyrkar til Normandie i 942, og det er rimeleg å tru at han då var minst 18 år gamal.
  2. Tyra blir kalla «Danmarks bod», som oftast blir tolka til «Danmarks pryd», men tydinga er usikker.
  3. Knut Gormsson vart kalla Knutr Dana-ást (danekjærleik), og han skal ha døydd på ei vikingferd.
  4. Namnet Curmsun disc er ei mistyding av det eine ordet på skiva: CVRMSVN - som sjølvsagt skal lesast som GORMSSON.
  5. Gorm den gamle døydde truleg vinteren 958/959.
  6. Snorre opplyste at etter Eirik Blodøks var død (954) var Gunhild og borna hennar ei tid hos Torfinn Sigurdsson jarl på Orknøyane, og at dei deretter reiste til kong Harald i Danmark.
  7. Ravingebrua var faktisk den lengste brua i Danmark, før brua over Lillebelt vart bygt i 1935.
  8. Jellingmonumenta vart i 1994 tekne med på UNESCO si verdsarvliste.
  9. Vilhelm I av Normandie, òg kalla Vilhelm Langsverd (fransk: Guillaume Longue-Épée) var hertug av Normandie fram til 942. Han var son til vikingehovdingen Rollo (Gange-Rolv).
  10. Ein kan undrast på kvifor Harald Blåtann involverte seg så sterkt i forsvaret av hertugdømet i Normandie; kanskje må dette sjåast på som eit moment i drøftingane om Rollo (Gange-Rolv) opphavleg var norsk eller dansk?
  11. Håkon den gode (Adalsteinsfostre) er rekna som konge i Noreg i tida om lag 935-961.
  12. I Fagrskinna (kap.16) blir Harald Gråfell kalla Harald Blåtann sin fosterson.
  13. Dette samsvarer med ei opplysning i Heimskringla om at Harald Blåtann seinare, omkring år 975, gav styringa med Vingulmark og Romeriket til Eirik Håkonsson, på «same vilkår som skattekongane før hadde hatt det» (sjå: soga om Olav Tryggvason, kap. 20).
  14. Ei tid etter at Håkon jarl hadde hjelpt kong Harald i striden mot keisar Otto (slaget ved Danevirke i 974), sa han seg fri frå dansk overherredøme og betalte ikkje lenger skatt til den danske kongen. Kong Harald sende då hærstyrkar til Noreg for å straffe Håkon jarl og legge Noreg under dansk styre att. Siste gongen dette hende, enda med slaget i Hjørungavåg, der Håkon jarl og den norske leidangen vann ein stor siger. Etter den tida rådde Håkon jarl sjølvstendig over Noreg, og i norrøn tid gjorde den danske kongen aldri meir krav på Noreg.
  15. I Vellekla nemner skalden i vers 27: þás gunn-Viðurr fór sunnan með fylki Frísa, Frakka ok Vinða.
  16. I Vellekla nemner skalden i vers 28: Sundfaxa kom Sǫxum sœki-Þróttr á flótta.
  17. I Jomsvikingsoga (side 48/49) er det rett nok sagt at det var vikinghovding Palnatoke som bygde borga, men opplysninga er rekna som mindre truverdig.
  18. Det første norrøne skaldekvadet der ein finn ordet «joms» i tydinga Jomsborg, er «Magnusdråpa» av Arnor jarlaskald som levde i tida ca 1012-1075. Diktet blir og rekna som prov på at kong Magnus den gode erobra og øydelagde borga i 1043. I diktet blir byen kalla «Jómi» (sveið of ôm at Jómi).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gorm den Gamle Den store danske
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Jelling-sten 2 Arkivert 2011-04-27 ved Wayback Machine.Danske Runeindskrifter
  3. Jellinge-sten 1 Arkivert 2011-04-27 ved Wayback Machine.Danske Runeindskrifter
  4. Hällestad kyrka runesteinar til minne om Toke Gormsson
  5. Kulturportal Arkivert 2021-05-12 ved Wayback Machine.Torna-Hällestad
  6. Danske Runeindskrifter Arkivert 2017-04-05 ved Wayback Machine. Søndre Vissing-sten 1
  7. 7,0 7,1 7,2 Harald BlaatandSaxo Grammaticus, Danmarks krønike, frå heimskringla.no
  8. 8,0 8,1 8,2 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 28
  9. 9,0 9,1 9,2 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 25
  10. FORNMANNA SÖGUR vol. 10, STUTT ÁGRIP AF NOREGS KONÚNGASÖGUM, kap. 9, norrøn tekst
  11. FORNMANNA SÖGUR bind 11, JÓMSVÍKÍNGASAGA OK KNYTLÍNGA MEĐ TILHEYRANDI ÞÁTTUM] (side 418), Kaupmannahøfn 1828
  12. Scriptores rerum danicarum medii æviside 373-387: Roskildekrøniken – latinsk tekst
  13. 13,0 13,1 Roskildekrøniken dansk tekst frå heimskringla.no
  14. The Curmsun Disc Arkivert 2017-06-08 ved Wayback Machine. Curmsun Research Project
  15. Tech History How Bluetooth got its name
  16. Bluetooth, About the Bluetooth SIG.
  17. Knytlinga Saga (dansk tekst) frå heimskringla.no
  18. RingborgeneDen store danske
  19. En vikingatida ringborg Trelleborgs kommun
  20. Broen i Raving Enge frå: danmarkshistorien.dk
  21. Mysterium løst Blåtand boede i Jelling (DR.DK 2013)
  22. Harald Blåtands palisade i Jelling frå: danmarkshistorien.dk
  23. Stenskibet Fortidens Jelling
  24. Jellingestenenefrå: danmarkshistorien.dk
  25. * Hauglid, Roar (1976). Norske stavkirker. 2 : Bygningshistorisk bakgrunn og utvikling. Dreyer. ISBN 8209013513. 
  26. Jellingprojektet Nyt fund af Harald Blåtand-mønt i Råhede ved Ribe
  27. Omøskatten Arkivert 2016-08-26 ved Wayback Machine. Museum Vest Sjælland
  28. The History of Normandy and of England av Francis Palgrave, vol 2, London 1857
  29. Den eldste Noregs-historia : med tilleg: meldingane frå Noreg hos Adam av Bremen ved Halvdan Koht, Oslo 1950
  30. Claus Krag, side 55
  31. Soga om Håkon jarl(kap.10) (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  32. Frå norsk midalder : tre førelesningar for Universitetet i Bergen november 1958 av Halvdan Koht, Bergen 1959
  33. 33,0 33,1 Fagrskinna : en norsk kongesaga ved Johan Schreiner (Oslo 1926)
  34. Claus Krag, side 267
  35. 35,0 35,1 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap.3
  36. Vellekla Arkivert 2016-02-15 ved Wayback Machine. av Einar Skålaglam (Skaldic Project)
  37. Soga om Olav Trygvason(kap.28) (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  38. Encomium Emmae Reginae v/Alstair Campbell (London 1949)
  39. WolinInformasjon om byen (polsk tekst)
  40. JomsborgStore norske leksikon
  41. Soga om Jomsvikingane ved Joleik Albert (Oslo 1931) norrøn og norsk tekst.
  42. PoppoDen store danske).
  43. De første bispedømmerDen store danske
  44. Roskilde Domkirke Bygningshistorie
  45. Jelling kirke Arkivert 2017-08-04 ved Wayback Machine.Kirkens historie
  46. Den hellige Harald Blåtann av Danmark Den katolske kirke

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]