Jens Brandt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Brandt
Fødd 20. juni 1848
Død

10. august 1912

Jens Carl Peter Brandt (20. juni 184810. august 1912) var ein norsk jurist, godseigar og politikar frå Frogn.

Brandt var son til ein offiser som i si tid deltok i krigen 1807-14. Sjølv vart han student i 1865 og cand. jur. i 1869. Åra 1869-75 var han overrettssakførar i Frogn. I 1875 overtok han storgarden Fron etter far sin, der han atttåt landbruk også dreiv sagbruk, høvleri, mylnebruk og teglverk.

Brandt var frå 1884 til 1912 medlem av heradsstyret i Frogn, ordførar 1884-95. Han var med og stifta Frogn sparebank i 1884, var styreformann til 1911. Også åstadskommissær.

Åra 1900-06 var Brandt stortingsrepresentant for Akershus amt. Han var medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1, og i 1904 av komiteen som drøfta endringar i Stortinget sin forretningsorden. Brandt var interessert i fredsarbeid og deltok på fleire fredskongressar i Haag.

Han døydde på garden sin i Frogn i 1912.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914