Jens Gram (1781-1823)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Gram
Fødd 8. april 1781
Eiker
Død

15. mai 1823
Hokksund

Jens Gram (8. april 178115. mai 1823) var ein norsk lensmann i Eiker og stortingsrepresentant på det overordentlege Storting 1814.

Gram var fødd i Eiker, son til lensmannen i bygda. Han vart sjølv lensmann i Eiker, fungerte i stillinga frå 1802, tilsett i 1810. I dei fyrste åra etter han vart lensmann viste han seg som ein nidkjær kongens tenar, og arresterte fleire gonger Hans Nielsen Hauge som vart skulda for brot på konventikkelplakaten.

Sommaren 1814 vart Gram vald til 3. representant for Buskeruds amt til det overordentlege Storting. På tinget var han med i delegasjonen som den 10. oktober 1814 møtte den abdiserande kongen, Kristian Fredrik.

Gram døydde i Hokksund i 1823. Eidsvollmannen Hans Hein Nysom var sykenbarnet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]