Hans Hein Nysom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Hein Nysom
Hans Hein Nysom.jpg
Hans Hein Nysom på eit måleri av P. Meidell frå 1860. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum
Fødd 4. februar 1767
Død

29. januar 1831

Yrke prest, politikar
Hans Hein Nysom på Commons

Hans Hein Nysom (4. februar 176729. januar 1831) var ein norsk prest og eidsvollsmann frå Drammen. Nysom var fødd på Bragernes i Drammen, der far hans var kjøpmann. Han vart personalkapellan til Eiker i 1788, og residerande kapellan til Våle i Vestfold i 1800. År 1802 vart han sokneprest i Botne i Vestfold, eit embete han hadde til han i 1831 døydde på prestegarden der.

Nysom var i 1814 utsending frå Holmestrand til riksforsamlinga på Eidsvoll. På Eidsvoll slutta han seg til sjølvstendepartiet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hans Hein Nysom (1767-1831)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.