Jens Jensson Lodgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Jensson Lodgård
Fødd 1768
Død

4. september 1840

Yrke bonde, politikar

Jens Jensson Lodgård (17684. september 1840) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Buvika i Sør-Trøndelag.

Lodgård var son av ein gardbrukar i Buvika. Han vart sjølv gardbrukar, fyrst på Leirsand i heimbygda. I 1817 flytta han til garden Heggdal i Melhus, seinare var han gardbrukar på Lodgård i same bygda.

Han var 3. representant på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822 frå Søndre Trondhjems amt. I 1821 var han medlem av fire komitear, mellom anna om løna til skulehaldarane, om skysstellet og om utreiinga av artilleriet og kavaleriet.

Lodgard døydde 1840 på garden sin i Melhus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914