Melhus kommune
Melhus kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Melhus | ||
Areal | 695 km² | ||
• land | 660 km² | ||
• vatn | 35 km² | ||
Folketal | 17 560 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Jorid Jagtøyen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5028 | ||
![]() Melhus kommune 63°10′00″N 10°18′00″E / 63.166667°N 10.3°E | |||
Wikimedia Commons: Melhus | |||
Nettstad: www.melhus.kommune.no |
Melhus er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Trondheim kommune i nord, Selbu aust, Midtre Gauldal i sør og til Orkland og Skaun kommunar i vest.
Melhus kommune blei skipa i 1838. Kommunen slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Den gamle kommunen Melhus har i ettertid ofte blitt kalla «Nedre Melhus». Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen strekkjer seg frå Øysand i nord til Haga bru nord for Støren. Den øvste delen av Gauldalen er stort sett midtpuktet gjennom heile kommunen. I Gauldalen finn vi Gaulvassdraget, som er ei av dei beste lakseelvane i Noreg. På begge sider av Gaula finn vi oppover heile dalen store og gamle jordbruksområde. I tillegg går E6 stort sett langs Gaula heile strekninga gjennom Melhus kommune.
Heilt nord i kommunen finn vi Øysand, og Gaulosen, det store deltaet i Gaulvassdraget. Deltaet er eit av dei få store deltaa i landet som ikkje er utbygd, eller regulert på noko særleg måte. Øysand er også eit av trøndelagregionens største flatmarkområde. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort militærområde med flyplass her.
- Største høgde over havet: Reinsfjellet (930 meter over havet)
- Lågaste høgde over havet: Øysand (0 meter over havet)
- Areal: 696 km²
Elvar, fjell og vatn i Melhus
[endre | endre wikiteksten]- Benna
- Gaula
- Vassfjellet
- Sandholtvannet
- Ånøya - innsjø
- Svorksjøen
- Reinsfjellet (Melhus, Midtre Gauldal og Selbu kommunar)
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Tettstader
[endre | endre wikiteksten]
- Melhus - Administrasjonssenter og den største tettstaden i kommunen. Blir ofte kalla ofte Nedre Melhus
- Gimse - tettstad på motsett side av Gaula i forhold til Nedre Melhus
- Kvål - tettstad sør for Melhus
- Ler - Administrasjonssenter i den tidlegare Flå kommune
- Lundamo
- Hovin
- Korsvegen
- Gåsbakken
Skolar
[endre | endre wikiteksten]I Melhus kommune finn vi elleve skolar, der åtte av desse er barneskolar, to er ungdomsskolar, og ein er ein kombinert 1.-10.-skole.
- Brekkåsen skole
- Eid skole (barne- og ungdomsskole)
- Flå skole
- Gimse skole
- Gimse ungdomsskole
- Gåsbakken skole
- Hovin skole
- Høyeggen skole
- Lundamo skole
- Lundamo ungdomsskole
- Rosmælen skole
Idrettslag
[endre | endre wikiteksten]- Melhus idrettslag
- Gimse idrettslag
- Trønder-Lyn
- Flå idrettslag
- Lundamo idrettslag
- Hovin idrettslag
- Idrettslaget Leik
Aviser
[endre | endre wikiteksten]- Trønderbladet: Den største avisa i Melhus. Dekker også kommunane Klæbu, Midtre Gauldal og Skaun. Avisa kjem ut tysdag, torsdag og laurdag.
- Gaula: Lokalavis for Melhus (dekker også Midtre Gauldal og Byneset) som held til i Melhuset i Melhus sentrum
Prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Melhus prestegjeld høyrde til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme. Den norske kyrkja har fire kyrkjelydar (kyrkjesokn) i Melhus prestegjeld (Melhus kommune), og kvar av dei har si kyrkje med kyrkjetenar, organist, klokkar, reinhaldar og kvart sitt sokneråd. Det er Flå, Horg, Hølonda og Melhus kyrkjelydar. I Hølonda kyrkjelyd står også Kolbrandstad stavkyrjke, som er eigd av eit privat lag.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei mest kjende bedriftene i kommunen er Lydbokforlaget og Brødrene Flaarønning. Andre bedrifter:
- Capro - transportkasser
- Byggern Midttømme trelast
- Helsport - Sportsutstyr og sportsklede
Historie
[endre | endre wikiteksten]Melhus var åstad for mange viktige hendingar i vikingtida. Det var under grisebingen på garden Rimol i Melhus Håkon Jarl blei drepen av trælen sin, Tormod Kark. Einar Tambarskjelve var frå storgarden Gimsan i Melhus.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Tusenårsstad
[endre | endre wikiteksten]Kommunens tusenårsstad er Gimse/Romol/Sagastien, som er eit kjent historisk område med henvising til hendingar skrive i Snorres kongesoger. Området er tilrettelagt med ein sagasti med informasjonstavler.
Verdt å sjå
[endre | endre wikiteksten]- Jarlshola
- Horg bygdetun
- Gaula - svært god lakseelv
- Bilde av Petter Dass i Melhus kyrkje
- Kolbrandsdal stavkyrkje
- Gauldal Teaterlag
- Fotomuseet på Hølonda
- Prestegårdslåna på Melhus
- Sabotørmuseet - Hotell Norge
- Hølonda Landbruksmuseum
- Hølonda Skimuseum
- Flå bygdesamling
Kjente folk frå Melhus
[endre | endre wikiteksten]Politikarar
[endre | endre wikiteksten]- Per Borten (1913–2005), politikar, statsminister (Sp)
- Martin Tranmæl, politikar (Ap)
Kjente frå Snorres kongesoger og norrøn tid
[endre | endre wikiteksten]- Einar Tambarskjelve, bogeskyttar og stormann
- Bergljot Håkonsdotter, kona til Einar Tambarskjelve
- Lundesola, svært vakker kvinne frå sogene
- Tora på Rimol, kjent frå sogene, hjelpte Håkon Jarl
- Torleiv Spake, stormann frå norrøn tid
Idrettsutøvarar
[endre | endre wikiteksten]- Oddvar Brå, skiløpar
- Toralf Engan, skihoppar
- Audun Lilleberg, noregsmeister på vasski
- Åge Berntsen, vektløftar
- Helge Moxness, symjar
- Magne Thomassen, skøyteløpar
- Atle Kvålsvoll, syklist (1962)
- Morten Sæther, syklist (1959)
- Hege Stendahl, syklist (1967)
- Astrid Danielsen, syklist (1968)
- Magnar Estenstad, skiløpar
- Ingrid Syrstad Engen (f. 1998), idrettskvinne, fotballspelar
Andre kjente
[endre | endre wikiteksten]- Glenn Grøtheim, bridgespelar og forfattar
- Torstein Flakne, rockemusikar
- Kirsti Huke, musikar, jazzvokalist