Jeremy Wariner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeremy Wariner
Wariner Paris 2006.2.jpg
Fødd 31. januar 1984
Irving
Jeremy Wariner på Commons

Jeremy Mathew Wariner (fødd 31. januar 1984) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Irving i Texas. Han vart olympisk meister på 400 meter under Sommar-OL 2004 og vart verdsmeister på same distansen både i 2005 og 2007. Frå 2004 til 2009 vann han fem gullmedaljar i 4 x 400 m stafett med USA sitt mannskap, to i olympiske leikar (2004 og 2008) og tre i verdsmeisterskap i friidrett (2005, 2007 og 2009).

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wariner slo gjennom i 2004-sesongen. Under dei olympiske sommarsleikane i Aten vann han gull på såvel 400 meter som i 4 x 400 meter stafett. I finalen på 400 meter sette han personleg rekord med tida 44,00. Året etter kopierte Wariner prestasjonane i Aten ved VM i Helsinki og sigra både på 400 meter og i stafett. Også ved det høvet forbetra han den personlege rekorden på 400 meter, då til 43,93. I 2006 var han med på å dele fyrstepremien i Gyllen-serien (Golden League). Han vann også den etterfylgjande IAAF-finalen i Roma på nytt personbeste, 43,62 sekundar.

I friidretts-VM 2007 lukkast Wariner å forsvare meistertittelen både på 400 meter og i stafett. Vinnartida 43,45 var ikkje berre ny personleg rekord, men førte han opp på tredjeplass på 400-meterstatistikken. Einast verdsrekordhaldar Michael Johnson og den tidlegare verdsrekordhaldaren Butch Reynolds hadde sprunge snøggare.

I 2008 vann Wariner fire av fem tevlingar i Gyllen-serien, men hamna likevel litt i skuggen av landsmannen LaShawn Merritt. Han tapte for Merritt både ved det avsluttande IAAF-stemnet i Berlin, og i OL-finalen i Bejing. I Beijing sprang Merritt nesten eitt sekund fortare, 43,75 sekundar mot Wariners 44,74. Begge to var, saman med David Neville og den olympiske meistaren på 400 meter hekk, Angelo Taylor, med i stafettlaget som på 4 x 400 meter vann gull på ny olympisk rekord, 2.55,39.

Også i VM 2009 stod gullstriden på 400 meter mellom Wariner og Merritt. Nett som i OL året i førevegen, var det Merritt som vann gulet medan Wariner vart andremann. Den siste konkurransedagen vart begge verdsmeistrar i stafett over 4 x 400 meter, og Wariner vann sitt femte VM-gull.

Wariner var med i OL-troppa til London i 2012, men ein skade gjorde at han trekte seg frå stafettlaget. Skadar førte også til at han var sjanselaus å kvalifisere seg til friidretts-VM 2013 og Sommar-OL 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2004 i Aten: Gullmedaljar på 400 m - 44,00, og 4 x 400 m stafett (2.55,9)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedaljar på 400 m – 43,93, og 4 x 400 m stafett (2.56,9)
  • VM 2007 i Osaka: Gullmedaljar på 400 m – 43,45, og 4 x 400 m stafett (2.55,5)
  • OL 2008 i Beijing: Sølv på 400 m – 44,74, og gull på 4 x 400 m stafett (2.55,3)
  • VM 2009 i Berlin: Sølv på 400 m – 44,60, og gull på 4 x 400 m stafett (2.57,8)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]