Jernsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jernsporv


Jernsporv

Foto: Svein Jan Hjelmeset

Systematikk
Klasse: fuglar
Orden: Passeriformes
Familie: Prunellidæ
Slekt: Prunella
Vitskapleg namn
Prunella modularis

Jernsporv eller jarnsporv (Prunella modularis) er ein liten sporvefugl som held til i tempererte delar av Europa og Asia aust til Ural og Iran, og som ein introdusert artNew Zealand. I Noreg er han ein trekkfugl som kjem i april/mai.

Reir med jernsporvegg

Den stillfarande jernsporven kjem hit i mars/april og byggjer reiret sitt i små einar eller i grantre. Jernsporvreiret er bygt av grøn mose med tilsetting av skjegglav, strå, kvist og fora med raude sporehusstilkar frå mose.

Tidleg i mai stiller hannfuglen seg opp i toppen av eit grantre eller liknande og framfører sin spinkle, melodiøse song. Fuglen er sky og vanskeleg å kome nær.

Egga (5-6) er blågrøne. Rugetida er som for andre småfuglar, 12-14 dagar. Det er hoa som rugar. Ungane vert i reiret i 10-14 døgn, og vert fora av begge foreldra. Foreldra held fram med foringa dei to første vekene etter at ungane har forlete reiret. Ungane vert fora med insekt, som også er hovudføde til dei vaksne fuglane om våren og sommaren. Elles et fuglane noko frø, og om hausten litt bær. Mesteparten av næringa vert funne på marka. Fuglen kan ha to kull.

Jernsporvane flyg ut av landet i september-oktober. Vinterkvartera ligg i det sørvestlege Europa. Det hender at jernsporvar overvintrar langs kysten frå Østfold til Møre. Sjeldan lengre nord. Denne tida er dei aldri å sjå flokkvis, berre aleine eller i par.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jernsporv
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Fugleatlas, 1994.